Elektronisk omsorgsrelatert samhandling

Prosjekteigar

Handelshøgskulen HVL, Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Grunnforskning

Prosjektperiode

August 2010 - August 2011

Finansieringskjelder

HSF

Totalbudsjett

300000 NOK

Prosjektsamandrag

Prosjektet har fylgjande problemstilling: ”Kva for utfordringar og mulegheiter representerer elektronisk omsorgrelatert samhandling mellom somatiske sjukehus og kommunal pleie- og omsorgsteneste ved inn- og utskriving av pasientar?” Forskingsspørsmåla er: 1)Korleis nyttar sjukepleiarane IKT til den
omsorgsmessige samhandlinga mellom somatisk sjukehus og kommunale pleie- og omsorgstenesta ved inn- og utskriving av pasientar? 2) Kva hemmar og fremjar bruken av IKT i denne omsorgsmessige samhandlinga? 3) Korleis vert elektronisk samhandling integrert i eksisterande arbeidsprosessar og eventuelt brukt til å endre desse?

Hensikta med studien er å få meir kunnskap om utfordringer og mulegheiter knytt til sjukepleiarane si elektroniske omsorgsrelaterte samhandling ved innog
utskriving av pasientar mellom sjukehus og kommune. I tillegg ser vi på kva rolle førstelineleiaren spelar i denne samanheng. Målet er å bidra til å utvikle gode modellar for implementering av elektronisk samhandling i den omsorgs-messige delen av helsetenesta. Vi har også eit mål om at studien kan
bidra til å gi oss meir kunnskap om kva og korleis vi bør undervise helse- og sosialfaglege studentar når det gjeld framtidig bruk av IKT i helsetenesta.