Brukarmedverknad innan psykisk helse

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Institutt for helse- og omsorgsvitskap

Prosjektperiode

Mars 2015 - Mars 2019

Prosjektsamandrag

Føremålet med denne studia er å skape kunnskap som kan bidra til at ei innlegging innanfor psykisk helse inngår i ein meiningsfull heilskap i betringsprosessar. I tillegg skape kunnskap som kan auke kvaliteten på miljøterapi, samt å auke god brukarmedverknad. Studien vil også sjå på korleis eit tilbakemeldingssystem kan auke brukarmedverknaden hjå inneliggande pasientar. I dette prosjektet vil det bli nytta kvalitativ metode. Det er danna ei medforskargruppe som består av 7 personar som sjølv har erfart å vere pasient innanfor psykisk helsevern. Desse medforskarane og 4 forskarar har i fellesskap utvikla forskingsspørsmål, intervjuguide, design og metode på studia. Datainnsamling vil starte våren 2016. Det er planlagt å utførte djupneintervju med pasientar som er innlagt ved ei psykiatrisk avdeling. Intervjua vil bli gjennomført medan pasientane er innlagt i avdelinga samt ca 3 mnd etter utskriving. Intervjua vert analysert med kvalitative vitskaplege metodar.