Balanse og noise - Auditiv kvit støys innverknad på balanse

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjektperiode

Mai 2012 - Desember 2012

Prosjektsamandrag

Ulykker i heimen er svært vanleg og mange eldre har stor fallrisiko som kan redusere deira rørslemuligheit. Tidlegare forsking har vist at eldre, diabetikarar og parkinson pasientar kan forbetre sin balanse gjennom bruk av vibrerande sålar eller gjennom vestibulær elektrisk stimulering. Forbetring av balanse vert forklart av fenomenet stokastisk resonans og bygger på at stimuleringa er tilfeldig. Vårt forskingsteam har tidlegare vist ein samanheng mellom auditiv kvit støy, merksemd og minne. Studiet vil måle om same effekt på balanse kan oppnåast med auditivt kvit støy, noko som ikkje er gjort tidlegare. Individ responderer ulikt på noise, vi testar personar i ulike aldersgrupper (20 – 75 år) og på fleire ulike nosie nivå (60-80 dB). Den modifiserte Romberg’s test skal brukast i labben på Hisf – kvar person kjem til å bli testa i ca 20 min. Viss auditiv kvit støy gir forventa effekt vil dette kunne gi individ med balansevanskar eit ikkje farmasøytisk hjelpemiddel og betra livskvalitet.