Refleksjonsbaserte lærarmapper som reiskap for utvikling av vurderingskompetanse
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
November 2007 - Mars 2010
Prosjektsamandrag
Prosjektet fokuserer på korleis og i kva grad refleksjonsbaserte digitale mapper kan styrkje lærarane og lærarstudentane sin vurderingskompetanse. Prosjektet er bådeknytt til allmennlærarutdanninga ved HSH og til ein skuleutviklingsprosess på to Stord-skular der målet er å betre læringsvilkåra for elevane gjennom å styrkje vurderingskompetansen til dei involverte lærarane og lærarstudentane.
Prosjektet er forankra i m.a. Kunnskapsløftet, der vurderingsaspektet er løfta fram som viktig for betring av kvaliteten i norsk skule. I tillegg er søknaden forankra i Kvalitetsreformen for høgare utdanning, der uvikling av meir prosess- og læringsorienterte vurderingsformer er løfta fram.
Internasjonalt har ein dei siste ti åra i brei utstrekning innført refleksjonsbaserte mapper somreiskap for å utvikle evna til refieksjon over eigen praksis hos lærarar og lærarstudentar. På den eine sida peikar førebels forskinga på området forholdsvis einsidig i positiv retning når det gjeld læringsaspektet, medan det i større grad blir stilt kritiske spørsmål, spesielt til reliabilitetsaspektet ved den summative vurderinga. På den andre sida synes breiddaog djupna i denne forskinga framleis å vere mangelfull. Litteraturen peikar på eit stortbehov for både meir djupneforskingom refleksjonsprosessen relatert til ulike faglege og utdanningsmessige kontekstar, eit meir differensiert blikk på lærings- og refleksjonsprosessar i relasjon til innhald og struktur imappene og meir langsiktig forsking knytt til feltet IKT og nye vurderingsformer.
Prosjektet vil bli organisert som eit aksjonsforskingsprosjekt, der den forskingsmessige evalueringa vil bli gjennomført ved hjelp av eit sett makro- og mikroetnografiske metodarsom feltobservasjon, intervju (individuelt og i fokusgruppe), dokumentanalyse og interaksjonsanalyse. Eit sosiokulturelt perspektiv på kunnskap og læring vil danne bakteppe for datainnsamling og analyse.