Leiing og ansvar: Ein studie av barnehagar som inkluderingsarena for foreldre med flyktningbakgrunn

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet

Prosjekttype

Ph.d.-prosjekt

Prosjektperiode

August 2016 - Juni 2021

Prosjektsamandrag

I denne artikkelbaserte avhandlinga har eg undersøkt korleis norske barnehagar fungerer som inkluderingsarena for foreldre med flyktningbakgrunn og leiinga sitt ansvar for dette. Tidlegare forsking har illustrert mangel på mellom anna fleirkulturell kompetanse i norske utdanningsinstitusjonar og mangel på forsking om leiing og foreldresamarbeid i fleirkulturelle barnehagar. Det er difor viktig med meir kunnskap om samspelet mellom leiing, tilsette og foreldre, deira anerkjenning av foreldre med flyktningbakgrunn, leiinga si støtte frå personalet i samarbeid med foreldre, og leiing av fleirkulturell fagleg utvikling. Studien gir ny kunnskap innan desse områda.

Metode

Kritisk teori og konstruktivisme, kvalitative metodar (intervju, dagbøker, observasjonar)