Foreldresamarbeid og foreldresamtale i barnehagen
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Anvendt forskning
Prosjektperiode
November 2019 - Desember 2023
Prosjektsamandrag
I dette forskingsprosjektet ynskjer eg å få innblikk i kva denne foreldresamtalen er og kva formål og innhald den har. Foreldresamtalen dannar grunnmuren i foreldresamarbeidet. Korleis kan vi sikre kvaliteten i dette samarbeidet? Kvar kom omgrepet foreldresamtale ifrå, og kva er innhaldet i foreldresamtala? Er foreldresamtalen tydeleg og klar definert for å sikre at partane i samtala er mest mulig likeverdige, og slik at foreldra veit korleis dei kan medverke? Rammeplanen (2017) seier at samarbeidet skal sikre at foreldra får medverke til
den individuelle tilrettelegginga av tilbodet .
Metode
Det vil bli nytta semistrukturerte intervju for å få fram informasjon om foreldresamtaler. Informantar vert pedagogisk personale som har ansvar for å gjennomføre foreldresamtaler, samt foreldre som har barn i barnehagen no, og difor har erfaring med å gjennomføre slike samtaler.