Sjukepleiestudentar lærer å kommunisere med born
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjekttype
Anvendt forskning
Prosjektperiode
Desember 2019 - Februar 2022
Prosjektsamandrag
Rammeplan for sykepleierutdanning (2008, s. 14), Forskrift om nasjonal retningslinje for sykepleierutdanning (2019) og EU direktiv (Direktiv 2005/36/EF) krev at praksis for sjukepleiarstudentar må inkludere barnepleie og pediatri samt helsefremmande og førebyggande helsearbeid. Praksis i sjukepleie til sjuke born er utfordrande då det er få praksisplassar på barneavdeling for sjukepleiestudentar i vårt praksisfelt. Som nyutdanna sjukepleiarar skal dei likevel vere istand til å kommunisere med born i ulike livssituasjonar med ulike helseutfordringar og på ulike arenaer både som pasientar og pårørande, og tilpasse informasjonen til borna sitt utviklingsnivå.
I samband med revidering av studieplan (2013 /2014), tok underteikna som emneansvarleg saman med dåverande leiar, initiativ til eit FoU- prosjekt[1] for sjukepleiestudentar for å få styrke praksiserfaring i kommunikasjon med born. Det vart difor etablert eit samarbeid med barnehagar i distriktet slik at studentane kunne få praksis i barnehage i grupper på to og tre studentar, i første omgang på to dagar som etterkvart vart utvida til tre dagar. Dei same borna frå barnehagen kom då på «bamsesykehus» påfølgjande dag på høgskulen med sine kosedyr for behandling, pleie og omsorg. I «bamsesykehus» møter studentane borna som helsepersonell i profesjonelt arbeidsantrekk. Kosedyra har i forkant fått innkalling til sjukehus. I praksis i barnehagen har studentane formidle eit helsefremmande eller sjukdomsforebyggande tema tilpassa borna sitt utviklingsnivå. Tema kan omhandle hygiene, ernæring, fysisk aktivitet, sosial samhandling/lek eller «minisjukehus». Opplegget er førebudd og godkjent av lærar før praksis. Etter praksis skriv studentane eit refleksjonsnotat over praksiserfaringane knytt mot sentrale helsefremmande begrep. Før praksis i barnehage har studentane ulike pedagogiske opplegg knytt til kommunikasjon med barn. Forskingsstudien vil undersøke korleis sjukepleiestudentane etter gjennomført pedagogisk opplegg erfarer læring i kommuniikasjon med born
Metode
Fokusgruppeintevju med sjukepleiestudentar som har gjennomført 3. semester 2019