HVL jobbar saman med arbeidslivet i regionen for å løyse oppgåver og tenke nytt rundt næringsutvikling og offentleg verksemd. Har du spørsmål om forsking og nyskaping ved HVL, eller vil du samarbeide med oss?
Vi skal gje studentane kompetanse som gjer dei kreative, løysingsorienterte og nyskapande. Praksis som del av utdanninga er viktig for å samle erfaringar som rustar dei til arbeidslivet.
Har du ein idé som du gjerne skulle vidareutvikla, men mangler tid i ein travel kvardag? Då kan eit oppgåvesamarbeid mellom våre studentar, HVL og di bedrift vere noko for deg!