Regional utvikling

Å vere tett på samfunnet rundt er sentralt i HVL sin strategi, og samarbeidet med vertskommunane er særleg viktig for å vidareutvikle studiestadene.

HVL har formalisert samarbeid med ei rekke eksterne aktørar, verksemder, nettverk og klynger, og arbeider systematisk for å vidareutvikla og utvida nettverket av samarbeidsaktørar.

Policy for ansvarleg innovasjon og regional utvikling

Policyen er retningsgivande for korleis Høgskulen på Vestlandet arbeider med ansvarleg innovasjon og regional utvikling.

Policy for ansvarleg innovasjon og regional utvikling HVL 2025 (PDF)

Kompetanseforum Vestland

Kompetanseforum Vestland er samarbeidsorganet for kompetansearbeid i regionen. Målet er å leggje til rette for at kompetanse skal drive fram utvikling i arbeidslivet, avdekke kva kompetansegap som finns i arbeidslivet, og finne løysingar på korleis desse skal fyllast.

I Kompetanseforum Vestland sit leiarane av dei største utdanningsinstitusjonane i Vestland, Universitet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Norges Handelshøyskole, Fagskolen Vestland, Opplæringsdirektøren i Vestland fylkeskommune, partane i arbeidslivet representert ved NHO, LO og KS, NAV og Helse Vest. Rektor representerer HVL. Forumet vert leia av fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling og fylkesdirektør for opplæring og kompetanse.

Det er òg regionale kompetanseforum i Vestland, og HVL er medlem i fleire av dei: Kompetanseforum Sunnhordland som er koordinert av Region Sunnhordland, Kompetanseforum Bergen som er koordinert av Bergen næringsråd, Kompetanseforum Sogn som er koordinert av Sognarådet og Kompetanseforum Fjordane (Nordfjord/Sunnfjord/Hafs) som er koordinert av Nordfjordrådet.

Kompetanseforum Vestland - Vestland fylkeskommune

Kompetanseforum Rogaland

Kompetanseforum Rogaland er eit partnarskapssamarbeid som skal forme og iverksette regional kompetansepolitikk. Forumet har ansvar for å følgje opp den regionale kompetanseplanen og tilhøyrande handlingsprogram. Hovudmålet er å sikre at kompetansebehova i fylket vert forstått og adressert på ein effektiv måte.

Forumet er breitt samansett og inkluderer representantar frå ulike nøkkelorganisasjonar: NAV, LO, NHO, KS, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet, Fagskolen Rogaland, Helse Vest, VID vitenskaplige høgskole, BI, Rogaland fylkeskommune og Statsforvaltaren. Forumet vert leia av fylkesordførar.

HVL deltar òg i Kompetanseforum Haugalandet, som er koordinert av Haugaland Vekst.

Kompetanseforum Rogaland - Rogaland fylkeskommune

Kompetanseforuma er HVL sine råd for samarbeid med arbeidslivet i Vestland og Rogaland, og skal bidra til å vidareutvikle utdanning, forsking og utviklingsarbeid tett på arbeidslivet.

Vertskommunemøte

Vertskommunemøta skal bidra til å ivareta HVL si regionale utviklingsrolle gjennom å vidareutvikla studiestadene. HVL og vertskommunane skal arbeida for å styrka og gjera studiestadene endå meir attraktive for noverande og framtidige studentar, og vera ein samhandlingsarena for saker av felles interesse. Døme på saker er campusutvikling, studentbustader, sykkelby, kollektivtransport, gode kultur-, helse- og fritidstilbod og andre relevante samarbeidsprosjekt. Det er eitt møte i året.

Sammensetting vertskommunemøte:

  • Ordførar/byrådsleiar
  • Kommunedirektør
  • Rektor (vara: Prorektor regional utvikling)
  • Regiondirektør i Saman
  • Lokal representant for Studenttinget på Vestlandet
  • Leiar for studentcampusrådet (campustillitsvald)
  • Samfunnskontakt (sekretær)

Senter for sjøsikkerhet skal bidra til regional utvikling av Vestlandet gjennom maritim kunnskapsutvikling, og jobbe for at HVL skal være en attraktiv og foretrukket samarbeidspartner. Vi utvikler prosjekter og skaper møteplasser mellom HVL og maritimt næringsliv.

Vil du skape noko saman med oss? Kva kan dei tverrfaglege teama og studentane våre bidra med inn i di verksemd? Har du utfordringar på arbeidsplassen som studentane og fagmiljøa våre kan finne løysingar på? Les meir om samskaping for eit berekraftig Sogn på denne sida.

Forskarar ved HVL og Vestlandsforsking skal jobbe tett med næringslivet i Sogn og Fjordane for å spreie kunnskap, ta imot innspel og utvikle konkrete prosjekt i fellesskap.