Korleis praktisk arbeid i naturfag kan forma framtidige forskarar

En tekst av Håvard Ukvitne.

Dagens forskarar har ein viktig jobb som bidrar til at dagens samfunn utviklar seg og gjer levekåra til alle betre, men me kan ikkje håpe på at framtidas forskarar dukkar opp utan vidare. Mange tenkjer nok at ein må vere flink i naturfag allereie på barneskulen for å kunne bli forskar, noko som ikkje stemmer. Me kan heller ikkje forventa at dei som er flinke i naturfag vel akkurat denne retninga. Me lyt difor leggja til rette og stimulera elevar slik at interessa og motivasjonen for naturfag ein dag kan bli noko stort, uansett

Praktisk arbeid er ein viktig del for å motivere elevane. Praktisk arbeid, det vil seie eksperiment, ekskursjonar, demonstreringar av konsept med fysiske objekt osv., kan auke elevars nysgjerrigheit og interesse innan naturfaget. Dette er viktige faktorar for å auke motivasjon hjå elevar. Det er samstundes enkelte punkt ein bør ta omsyn til om ein skal bruke praktisk undervisning i naturfag.

Elevar likar å velje sjølve kva praktiske oppgåver dei skal jobbe med. På denne måten får dei større fridom. Dersom elevar får ei praktisk oppgåve dei ikkje har lyst å jobbe med, kan praktisk arbeid virke mot sin hensikt og dei kan miste motivasjon. Å gje elevane ei open oppgåve er i dei fleste tilfelle den enklaste måten å løyse dette på. Det er samstundes ikkje alle tema ein kan gje slike oppgåver dersom lærar vil fram til eit fasitsvar eller sluttpoeng. Ein kan til dømes gje elevane forskjellige eksperiment å velje mellom. Dette kan by på utfordringar for læraren. Har skulen alle verktøy og instrument for å leggje opp til fleire forskjellige eksperiment? Er det nok fysisk plass å gjere desse eksperimenta? Treng ein lærarassistentar for å i det heile tatt klare å gjennomføre fleire eksperiment? Dette er viktig
å ta med i betraktning og planlegging av timar med praktisk arbeid.

Dersom ein planlegg timane godt og tar omsyn til elevars forventningar og behov, kan praktisk arbeid innan naturfag vere eit fantastisk verktøy å bruke i naturfagundervisninga. Interessa for naturfag kan vere ein avgjerande faktor for elevar når dei ein dag skal velje utdanningsretning og seinare karriere. Kanskje det er nettopp ein av dine elevar som blir den leiande forskaren innan kreftbehandling?