Framande artar, ein trugsel mot vår flotte natur

Ein tekst av Kristina Kvandal

Noreg er kjent for sin flotte natur med høge fjell og lange fjordar. Noreg består av eit mangfald, som er alle variasjonane av dyr og planter. Dei er som eit samfunn, på lik linje som oss menneske. Dei samspelar og er avhengige av kvarandre. Denne flotte naturen er viktig at me tek vare på.

Vår vakre natur står overfor fleire trugslar, og blant desse finn me framandarta som ein av dei fremste. Framandarta er artar som er førekjem stadar dei ikkje høyrer heime. Dette kan ha store konsekvensar for vårt eksisterande økosystem. Ei oversikt over framande artar finn ein i Artsdatabanken. Her er det laga ei oversikt over alle framande artar og trugslane dei utgjer. Kjende og etablerte framande artar i norsk natur, som ein også finn på framandartslista, er mink, kongekrabbe og pukkellaks.  (Fremmedartslista 2023 - Artsdatabanken, n.d.).

Den mykje omtala pukkellaksen er eit eksempel på ein framandart som har etablert seg og er ein stor trugsel for vårt økosystem. Den har spreia seg og teke over mange elver i landet. Denne laksen høyrer opprinneleg til i Stillehavet og har kome til nordlege delar av Noreg etter den blei sett ut på Kolahalvøya i Russland. Ein kan fort få seg til å tenkje «er det så nøye?», det er faktisk «så nøye».  Den pressar ut andre fiskar som laks og aure, og gjer stor skade på økosystemet i elvar. Ein handterer dette med å fiske opp så mykje som ein kan. Fiskarane kan vinne premiar for å fiske denne type fisk opp, noko som forhåpentlegvis aukar interesse for å ta eit tak for vårt økosystem og våre elver (Brekke, 2021).

Noregs nydelege natur og økosystem under press og trugslar. Ein må ta vare på våre fantastiske fjordar, elvar, fjell og skogar for våre komande generasjonar slik at dei kan oppleva vår fantastiske natur på same vis som oss.  Dette kan ein gjere gjennom å tenkje over kva ein plantar i hagen sin, rapportere om ein finn ein framand art eller setje seg inn i kva som er dei mest kjente framande artane i Noreg. Dersom alle gjer ein felles innsats og bidrar gjennom desse punkta vil ein kome langt.

 

Kjelder:

Brekke, A. A. T. (2021, July 11). Hva er egentlig greia med pukkellaks? NRK. 

Fremmedartslista 2023—Artsdatabanken. (n.d.). Retrieved October 19, 2023.