Seksualundervisning

Ein tekst av Kristoffer Spissøy

Me veit alle korleis det var å sitte gjennom ein tørr og uinspirert undervisingstime, med ein lærar som har lite interesse for temaet. Det smitter over på elevane, og dei får då lite motivasjon for timen. På den andre sida av spekteret så kjenner me til lærarar som i stor grad engasjerer, og korleis det påverkar klassen. Men kva om læraren er redd for, eller skammar seg for temaet hen underviser i? Kva skjer då med elevane i klassen?

Pubertet og seksualundervising er tema som er særs viktig for elevane å lære seg, men det er samstundes noko som mange elevar gruer seg til. Mange elevar kan føle at det er noko som er veldig privat eller ekkelt å snakke om i klassen, og dei tør kanskje ikkje å stille spørsmål, i frykt for å ‘drite seg ut’. Her er det ekstra viktig at læraren er trygg på seg sjølv og materialet hen skal undervise.

I løpet av mine år som lærarstudent i praksis, har eg blitt fortalt skrekkhistorier om, observert og gjennomført seksualundervising på diverse klassetrinn. Min nyaste erfaring med dette emnet var på 7. trinnet med to andre medstudentar. Me fekk tilbakemelding frå praksislæraren som observerte at me verka trygge på oss sjølv og undervisinga. Og til tross for at me gjorde undervisinga til den beste me kunne, så erfarte me elevar som synes det var eit flaut tema, nokre ville ikkje «skrive dette tullet ned i boka mi», som ei jente sa. Men det var enda fleire elevar som tok til seg kunnskapen, og då me møtte nokre av elevane nokre veker seinare, så lyste dei nærmast av engasjement og fortalde om «kor kjekke timane våre var», og korleis foreldra deira var positivt overraska over alt dei hadde lært.

Det var etter ein av dei siste undervisingstimane våre om pubertet og seksualitet at praksislærarane våre fortalde om kanskje den verste moglege framgangsmetoden ein lærar kunne ta. Det hadde vært ein litt eldre lærar som skulle undervise om pubertet og seksualitet, men dette var visst eit tema som var tabu for læraren. Faktisk så skal det ha vært så flaut at han prøvde å gøyme seg bak boka, og vågde nærmast ikkje å sjå på elevane medan han underviste. Eg kan nesten ikkje tenka meg korleis elevane hans hadde det, eller kva dei lærte. Og eg er redd for at noko av det elevane satt igjen med er at kropp og seksualitet er noko tabu og flaut, noko som berre er privat og ikkje skal snakkast om. I beste fall så vaks elevane opp usikre på seg sjølv, sin kropp og sin seksualitet, i verste fall så tør dei ikkje å søke hjelp om dei skulle trenge det.

I dagens samfunn er det ekstra viktig med gode, trygge lærarar. Elevar kan bli eksponert for sex og seksualitet over alt i det moderne samfunn; på nett, i ein film, i dataspel, med venner, i chatforum osv…, i mange tilfelle før eleven er klar for det. Som student har eg observert fleire andre studentar som utrykker at dei gruer seg til å potensielt undervise om seksualitet, og det har heller ikkje vært noko særleg med hjelp frå studieplassen om korleis me kan undervise tema som kan være tabu. Me burde krevje betre frå lærarstudiuma her til lands, elevane har rett på ein god undervising, og til det så trengs det lærarar som ikkje er redd for undervisingsmaterialet!