Kan eit vasskraftverk skape læring for ungdom?

Ein tekst av Lars Osa Brattli

Norsk ungdom i dag, er vane med at telefonen blir lada opp ved å kople ein ledning i stikkontakten. Eg har ein mistanke om at denne vanen med straum, er det ungdom har eit forhold til. Vegen til straum er meir omfattande, og denne prosessen mistenker eg ungdom kan ha eit distansert forhold til. Eg har erfart å besøke eit vasskraftverk (BKK – anlegg) som ungdomsselev. Som lærarstudent ynskjer eg å trekke fram desse erfaringane, og korleis denne læringsarenaen kan bidra til læring utanfor klasserommet.

For 10 år sidan, da eg var elev på ungdomsskulen hadde me om elektrisitet og vasskraftverk i naturfag. Eg kan huske at me teikna prosessen som skjer i eit vasskraftverk. Teikninga var av eit vatn, røyr som vatnet blei tappa i, og ein turbin. Me teikna vidare at turbinen var kopla saman med maskiner som produserte straumen me fekk i stikkontakten. Dette var ei enkel teikning på heile prosessen. Besøket på kraftverket gjorde teikninga meir forståeleg, da me fekk sjå kor stort konseptet faktisk var.

På besøket vårt, fekk kvar elev i klassen tildelt hjelm, refleksvest og vart transportert med bil fleire kilometer inn i ein tunnel. Når me kom inn, såg me enorme røyr som vatnet gjekk gjennom og fleire meter høge turbinar. Dermed gjekk vår enkle teikning til å bli noko heilt anna. Ei slik oppleving satt spor i meg, og eg husker godt korleis BKK – anlegget skapa nysgjerrigheit, store auger og læring for meg som elev. Læringa var av tydelege skildringar av prosessane og lagt vekt på kva som skjedde i dei ulike delane. Heile prosessen blei meir tydeleg med å oppleve og sjå den fysisk, enn kva ein lærte gjennom teikninga. Dette besøket og den læringa eg satt att med, er truleg noko fleirtalet av norske elevar ikkje får moglegheita til å oppleva.

Dei fleste har truleg undervisning i tema på skulen, men ikkje gjennom eit besøk. Med mine tidlegare erfaringar er eit slikt besøk sentralt, og det retta positiv merksemd for oss som elevar. Det er naturleg at ungdom kan få ei lik oppleving i dag. Å ta elevane med ut av klasserommet og oppsøke vasskraftverk i nærområdet kan også spele inn på motivasjonen til elevane, nysgjerrigheit og skapa lærelyst. Det blir også ein variasjon i undervisninga som er ein sentral del for læring. Nokre av desse elementa kan ein finne støtte i, gjennom læreplanen.

Eit av kjernelementa i læreplanen til naturfag frå Udir (2020) handlar om energi og materie. Dette kan ein tolke at elevane skal være kjend med korleis ein kan nytte seg av naturen for å danne energi. Dermed er vasskraftverk ein faktor. Å forstå samanhengen korleis Noreg utnyttar fornybare ressursar er forankra i dei tverrfaglege temaene frå fagfornyinga (2020).

Mine erfaringar med å besøke eit vasskraftverk var unik, spennande og ga meg eit anna syn på korleis me nyttar dei fornybare ressursane i Noreg. På dette grunnlaget, vil truleg undervisning i klasserommet saman med eit besøk på eit kraftverk skapa variasjon og læring i større grad for elevane. Kraftverka treng også å få eit besøk av norske elevar, som trass alt er framtida vår. Dei treng å vite om det, samt endre forholdet sitt straum og forstå prosessen frå ein annan synsvinkel. Dette blir skulen sitt ansvar å få organisert, dialog med kraftverka er løysinga. Ta kontakt med dei for å organisere eit besøk. Læraren bør i tillegg spele inn sine tankar med tanke på læreplanen, men kraftverket bør stå for å få fortelje om prosessane i dei ulike delane i kraftverket. Eit slikt besøk kan endre det distanserte forholdet ungdom har til straum.

Referanseliste

Kunnskapsdepartementet. (2019). Læreplan i naturfag (NAT01-04). Fastsatt som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). https://www.udir.no/lk20/nat01-04/om-faget/kjerneelementer?lang=nob

Kunnskapsdepartementet. (2017). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Fastsatt som forskrift ved kongelig resolusjon. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/om-overordnet-del/?kode=nat01-04&lang=nob