Tar digitale verktøy over klasserommet?
Ein tekst av Margareth Nordtveit
I dag har dei fleste elevar eigen pc eller nettbrett til bruk i undervisning, samstundes som bruken av blyantar og bøker gradvis forsvinn. Digitale ferdigheiter er innført som ei grunnleggande ferdigheit i Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020, på lik linje med munnlege ferdigheiter, lesing, skriving og rekning. Bruken av digitale verktøy aukar i norske klasserom, og det skapar debatt om i kor stor grad det digitale skal ta over for det analoge.
På den positive sida har digitale verktøy gode moglegheiter for tilpassa opplæring, noko som alle elevar har rett på. Nettbaserte verktøy med ulike nivå, kan gi elevane oppgåver tilpassa sine ferdigheiter. På denne måten får dei moglegheit til å verte tilstrekkeleg utfordra, utan at læraren må laga mange ulike oppgåver sjølv. Det finst mange gode nettressursar for lærarar å bruke i undervisninga, og læremiddel vert fortare oppdatert på nett enn på papir. Bruk av digitale verktøy gir ei meir variert undervisning, som kan motivere fleire, samstundes som det kan distrahere både elevar og lærarar. Digitale læringsplattformar kan vere til god hjelp for å sørge for tilpassa og variert undervisning, dersom ein bruker dei på ein god måte.
Ei meir negativ side, er at det kan vere fort gjort å bruke ferdige digitale verktøy som ei enkel løysing. I staden for å bruke mykje tid på å utforme eigne undervisningsopplegg, gir ein elevane ei nettside dei skal bruke. Eg skjønar at det er meir arbeid å be elevane gjere ei oppgåve med blyant og papir no, enn det var når eg sjølv gjekk på skulen. No bruker lærarar mykje tid på å skaffe skrivesaker til elevane, då dei ikkje har med seg eigne. Når ein endeleg finn ei eske med blyantar, må ein kanskje framleis bruke tid på å spisse kvar og ein av dei. Elevane er sjølvsagt forskjellige, og nokre likar framleis å arbeide med blyant og papir. Eg opplever likevel at dei fleste føretrekk arbeid i form av til dømes eit spel på internett. Dette er sjølvsagt greitt av og til, men går auka bruk av dette på kostnad av andre grunnleggande ferdigheiter? Her tenker eg at ein må vere bevisst når ein vel metodar, og huske å variere mellom digitalt og analogt.
Den digitale utviklinga byr på nye moglegheiter for både elevar og lærarar, slik som til dømes kunstig intelligens. Ulike program kan hjelpe med å finne idear til oppgåver, oversette tekst og forbetre skriving. På den andre sida kan det verte vanskelegare å teste elevane sin kunnskap, då dei kan bruke arbeid som er heilt eller delvist produsert av kunstig intelligens. Difor er det viktig å vere kritisk til, og gi elevane tilstrekkeleg rettleiing i bruk av desse verktøya.
Eit anna digitalt verktøy som er nytt i skulen, er programmering. Dette vart innført med Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020, og er noko som elevar sannsynlegvis vil få bruk for i framtida og arbeidslivet. Det er bra at elevar får ei innføring i det allereie i grunnskulen, men mange lærarar står utan tilstrekkeleg kompetanse til å undervise det på ein god måte. Nye lærarstudentar får ei innføring på studiet, men dei som allereie er i arbeidslivet må og få kursing i det. For å kunne utnytte moglegheitene ved programmering, må ein sørge for trygge nok lærarar.
Effekten av digitale verktøy vil vere avhengig av korleis ein bruker dei. Ved bevisst bruk, kan dei gi gode moglegheiter for tilpassing og variasjon i undervisninga. Ein skal ikkje berre gi elevane ein pc og ei nettside fordi det er enkelt, men tenke over moglegheiter og læringsutbytte. Mange verktøy, slik som programmering og kunstig intelligens, er nye og framtidsretta. Med tilstrekkeleg kunnskap, kan ein bruke desse på ein hjelpsam og god måte. Det er vanskeleg å stille seg for eller imot den digitale utviklinga i skulen, fordi det meste har både positive og negative sider, avhengig av korleis ein bruker det. I tillegg er det ikkje berre i skulen ting vert digitalisert, det er retninga samfunnet går i generelt. Eg tenker at ein kan bremse litt ned, slik at me ikkje ender opp med å erstatte fysiske læremiddel. Ein kan heller supplere med dei gode moglegheitene i det digitale. Det er viktig å ikkje la det ta heilt over, og miste viktige kompetansar som elevane lærer best ved å skrive og lese på papir. Ved riktig og bevisst bruk, skal pc-en og nettbrettet få behalde sin plass i klasserommet, som eit supplement til analog undervisning.
Referansar
Johansen, A. (2021, 29. september). Digitale verktøy må brukes med klokskap. Utdanningsnytt.
Kjørstad, E. (2023, 24. august). Bør ChatGPT og kunstig intelligens brukes i utdanning? Ja, mener forsker. Forskning.no.
Kunnskapsdepartementet. (2017). Overordnet del—Verdier og prinsipper for grunnopplæringen. Fastsett som forskrift ved kongeleg resolusjon. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020.
Opplæringslova. (1998). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (LOV-1998-07-17-61). Lovdata.
Silje Bergill Hagen. (2023, 24. februar). Digital skole gir variert, dagsaktuell og tilpasset undervisning. Universitetet i Oslo.