Korleis kan uteskule byggje opp forhaldet mellom naturen og eleven?

Ein tekst av Nikoline Gloppestad 

Gjennom lærarutdanninga har eg lært og blitt fortald nytta uteskule kan ha for elevane våre. Eg har opplevd sjølv og oppservert gleden elevane får av å gå ut. Både for dei små, store og dei mest umotiverte. Eit engasjement og bruddet frå dei vanlege fire veggane kan få dei fleste med. På utdanningsdirektorate sine nettsider er det eigne artikklar om bruk av uteskule og korleis tilpasse det for eleven, likevel er det noko som forsvinn meir og meir frå kvardagen jo eldre elevane blir.

Generert bilete ved hjelp av ChatGPT (Open AI, 2025), med instruksene “Tegneaktig bilde av to skoleelever i 14års alderen som utforsker skogen med en lupe, en jente og en gutt.”. Illustrasjon: ChatGPT (Open AI, 2025).

Elever utforsker skogen (Illustrasjon ChatGPT / OpenAI, 2025)

Når ein ser på kompetansemåla til 10.trinn finn ein fleire som kan tenkast blir betre utført gjennom direkte kontakt med naturen rundt ein. “Målet for opplæringa er at eleven skal kunne utforske sammanhengar mellom abiotiske og biotise faktorar i eit økosystem og diskutere korleis energi og materie omdannast i eit kretsløp”(Kunnskapsdepartementet, 2020). Mykje av kunnskapen kan lærast vekk i klasserommet, men om ein ser på orda “utforske samanhengar” må ein la eleven utforske og sjå på ulike faktorar i naturen. Ei ungdomsskuleklasse har mindre tid sett av til å ha uteundervising i forhald til ei barneskuleklasse. Då er det denne typen kompetansemål som kan vere nyttige å få knytt opp for både ute- og inneundervising. Å skape ein samanheng og bygge inne- og uteundervising opp mot kvarandre kan vere nyttig for å gi større forståelse for det som vert utforska av elevane, spesielt i nærmiljøet.

I tillegg til kompetansemåla kan elevane gjennom uteskule få ei anna kjensle og forståing for nærmiljøet og kvar ein befinn seg. I kjerneelementa og i dei tverrfaglege temaene til naturfag i LK20, står det at elevane skal gjennom faget auke forståinga av naturen og miljøet og at dei skal kunne ta miljøbevisste valg ovenfor lokale og globale utfordringer (Kunnskapsdepartementet, 2020). Dei kan sjå korleis mennesker faktisk påverkar systema og starte ein kritisk tankeprosess hjå dei eldre elevane om korleis ein kan bidra til ei bærekraftig utvikling.

Gjennom uteskule kan elevar ein direkte kobling til naturen gjennom utforsking og samarbeid. Vedbruk av både inne- og uteundervising kan elevane oppnå ein ny og djupare forståing for aktuelle tema. Samt kan dei få djupare forståing for nærmiljøet og utfordringar som oppstår der. For ungdomsskule elevar, kan dette vere svært givande sidan eg har observert at det ofte ikkje er satt av mykje tid til slik undervising i timeplanen. Uteskule byggjer opp forhaldet mellom elevar og natur ved å gi dei direkte erfaringar, auke motivasjon og eit grunnlag for miljøbevisste val.

Kilder

Kunnskapsdepartementet. (2020) Læreplan i naturfag (NAT01-04). Fastsatt som forskrift. Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020

OpenAI. (2025) To elever undersøker skogen [Bilde]. Generert med ChatGPT