Interaktive videoar

Sjå desse interaktive videoane saman med medstudentar eller kollegaer, og prøv ut oppgåvene i dei.

I denne videoen lurer ei jente på kva som får éi klesklype (som blir brukt til å fiske krabbe) til å søkke, medan ei heilt lik klype flyt. Korleis kan ein følgje opp eit initiativ som dette?

I denne videoen fiskar ein gut og ein barnehagelærarstudent etter krabber. Merk at studenten viser ekte engasjement og interesse, ein av strategiane innanfor den gode, vedvarande samtalen.

I denne videoen oppdagar ein fem år gammal gut ein snigel under nokre greiner. Han snakkar med ein vaksen og ein sju år gammal ven om oppdaginga.