Haldning til kunnskap

Noko du bør vere svært merksam på i samhandlinga med barn, er korleis du handterer kunnskap. Det handlar om å vere medviten om haldninga di til kunnskap!

Epistemic stance (en) tyder «haldning til kunnskap» eller «haldninga som ein deltakar i samhandling har til eit bestemt kunnskapsobjekt». Dette handlar om kor trygg du føler deg på kunnskapen du har, og kva kunnskap du tillegg dei andre i samhandlinga. Føler du deg usikker på å snakke om naturfenomenet, eller er du komfortabel og føler deg trygg på kunnskapen din? Føler du at du må kunne alt om emnet, eller er det greitt å tenkje at du kan undre deg saman med barnet og finne svara seinare? 

Haldninga di til kunnskap har konsekvensar for korleis du presenterer kunnskapen din, og korleis du samhandlar med barnet. Den konkrete førestillinga om kva kunnskap er, og korleis ein tileignar seg kunnskap, påverkar kva type samtale læraren meiner er eigna og føretrekkjer å bruke. Men korleis avklarar du og reflekterer over di eiga haldning til naturvitskapleg opplæring og den samhandlinga som er knytt til dette? 

Her er nokre spørsmål du kan tenkje over for å bli meir medviten om haldninga di til kunnskap:

  • Kva er det første du tenkjer på når du tenkjer på naturviskapelege emne? 
  • Likar du å snakke med barn om naturvitskaplege emne, eller unngår du dette emneområdet? 
  • Korleis føler du deg når du snakkar med barn om emne innanfor naturvitskap? (Til dømes sjølvsikker, kompetent, nølande, nervøs, motivert.)

Samtalar mellom lærarar og barn er ein viktig del av det som skaper kvalitet i opplæringa i barnehagen og skulen. Samtidig viser det seg at lærarane ofte ikkje nyttar høvet til å samtale med barna. Dette gjeld særleg samtalar om emne innanfor naturvitskap. Årsaka er truleg at mange av dei manglar den sjølvtilliten innanfor faget som dei meiner er viktig for at kvaliteten skal bli god nok. Haldninga di til kunnskap vil påverke korleis du vel å undervise. Den konkrete førestillinga om kva kunnskap er, og korleis ein tileignar seg kunnskap, påverkar kva type læringsaktivitetar læraren meiner er eigna og føretrekkjer å bruke. Men korleis avklarar du og reflekterer over di eiga haldning til naturvitskap og den samhandlinga som er knytt til dette? 

Gjennom haldninga di påverkar du aktivitetane og åtferda – og dermed også samhandlinga – mellom barna og deg. Haldninga di avgjer om og i kva grad du snakkar med barna om emne innanfor naturvitskap, kor mykje tid de brukar på slik samhandling, korleis du snakkar med barna, og andre val. Dette er viktig fordi barn gjerne tilpassar dei grunnleggjande haldningane dei har opplevd, og overfører dei til sin eigen læringsmotivasjon og sine eigne læringsstrategiar. 

Oppgåve

Sjå føre deg ein konkret situasjon der eit emne dukkar opp i barnehagen/barneskulen, basert på noko som har skjedd.

Steg 1
Observer og reflekter over di eiga grunnleggjande haldning til opplæring i naturvitskap i kvardagen:

  • Kva gjer du? Vær så spesifikk som mogleg.
  • Dersom du snakkar med barna om emne innanfor naturvitskap, korleis føler du deg? (Til dømes komfortabel, motivert, usikker, nølande …) 
  • Dersom du gjerne unngår å snakke med barn om naturvitskap, kvifor? 

Steg 2
Prøv å leike med haldninga di:

  • Korleis endrar situasjonen seg dersom du har ei svært uinteressert, umotivert og negativ haldning til naturvitskap? 
  • Korleis endrar situasjonen seg dersom du er entusiastisk til dette fagområdet? 
  • Korleis kan desse haldningane påverke samtalar med barn om naturvitskaplege emne? 

Ver medviten om at haldninga di til kunnskap er avgjerande når du skal samtale med barn om naturvitskaplege emne. Denne kunnskapen bør vere ein del av alle dei praktiske oppgåvene vi skildrar i praksisdelen av denne nettstaden, og i faktiske samtalar du har med barn. 

Du kan gjere fleire praktiske oppgåver om haldning til kunnskap.

 

I denne videoen snakkar professor Kati Hannken-Illjes om haldning til kunnskap (epistemic stance på engelsk), kva det er, og kvifor det er viktig å tenkje over når du skal snakke om naturvitskap med barn.