Praktiske oppgåver om halding til kunnskap

Ver medviten om at haldninga di til kunnskap er avgjerande når du skal samtale med barn om naturvitskaplege emne. Denne kunnskapen bør vere ein del av alle dei praktiske oppgåvene vi skildrar i praksisdelen av denne nettstaden, og i faktiske samtalar du har med barn.

Steg 1: 

  1. Gå saman i par eller i ei større gruppe.
  2. Ta for dykk ein gjenstand de har i nærleiken. 
  3. Introduser og skildre først gjenstanden svært passivt og utan interesse. 
  4. Endre den indre haldninga overfor gjenstanden og presenter han for dei andre med full entusiasme.
  • Observer forskjellen hos deg og lyttarane. 
  • Kva følte du? Kva endra seg? 
  • Anerkjenn at den indre haldninga til gjenstanden ein samhandlar med, har mykje å seie for korleis samtalen utviklar seg vidare. 

 

Steg 2: 

  1. Gå gjennom rommet og vis lite interesse for det meste og ha lågt energinivå.
  2. Reflekter over kva dette gjer med tenkjemåte og kroppsspråk.
  3. Endre haldninga di slik at du blir svært interessert og engasjert i livet og alt som er rundt deg. 
  4. Ta i bruk denne haldninga og la henne leie deg gjennom rommet. 
  5. Reflekter over kva dette gjer med tenkjemåte og kroppsspråk.
  • Kva opplevde du? 
  • Korleis kjendest det? Kva endra seg med endringa i indre haldning? 
  • Anerkjenn at den indre haldninga ikkje berre påverkar samtalen, men heile synet ditt på livet, og dessutan kroppsspråket ditt.