Øving og refleksjon

Er det mogleg å øve på å bli ein god dialogpartnar for barn? Korleis kan du kommunisere med barnet, og korleis kan du vite når du skal bryte inn i utforskinga til barnet?

I modulane nedanfor vil vi presentere nokre aktivitetar som kan hjelpe deg til å bli flinkare på dette bestemte området, altså til å leie samtalar om naturvitskaplege emne med barn. Som yrkesutøvar er det nyttig å øve på og reflektere over ulike sider ved samhandlinga, både når det gjeld innhald og form. Du kan finne fram til og reflektere over dine styrkar og ditt forbetringspotensial, anten det handlar om naturvitskapleg kunnskap, lytteferdigheiter, bruk av spørsmål eller tolking og bruk av ikkje-verbal kommunikasjon. 

Oppgåva nedanfor handlar om ulike sider ved korleis ein samhandlar i naturvitskaplege samtalar med barn, og korleis du kan bruke transkripsjonar av dialogar med barn til å reflektere systematisk over måten du snakkar og handlar på.