Sjekkliste for evaluering av samtalen din

For å hjelpe deg til å bli medviten om kva du gjer og seier i samtalar med barn (eitt barn eller ei lita gruppe), kan du bruke denne sjekklista som evalueringsverktøy.

Denne sjekklista, «Eg oppmodar til språkutvikling i samtalar» (Damhuis, De Blauw og Brandenberg, 2016) kan hjelpe deg til å reflektere over korleis du handlar, og kvifor, og kva du kan gjere for å forbetre samtalane eller gjere dei rikare. Du kan også bruke lista som eit observasjonsverktøy – då erstattar du «eg» med «læraren», og du kan lære ved å observere ein lærar eller medstudent.

I kvardagssamtalar er du ikkje medviten om kva du seier eller gjer for å halde samtalen i gang, heile tida. Du kommuniserer berre med dei andre av fleire ulike årsaker. Men når du konsentrerer deg om språkutvikling og undring rundt naturvitskaplege emne i samtalar med unge barn, må du vere mykje meir medviten om korleis du kommuniserer. 

Du må også sjå samtalen frå barnet sitt perspektiv. Så snart du har oppdaga at du til dømes stiller spørsmål heile tida og ikkje opnar for bidrag frå barnet i samtalen, kan du begynne å reflektere over kvifor, og kva du kan gjere som lærar eller lærar under utdanning for å bli flinkare. Samtidig er det viktig å ta omsyn til språkutviklinga til barnet: Kva må barnet kunne bidra med i samtalen, og kva krev det av deg som lærar under utdanning? Kort sagt legg sjekklista vekt på dine handlingar og svar, og dei er openbert knytte tett saman med reaksjonane og responsane frå barna. 

Sjekklista har fem kategoriar:

1. Omstende

Når barn føler seg trygge, vil dei truleg delta i samtalar. Det gjeld særleg når dei føler at du viser ektefølt interesse og verkeleg vil høyre på det dei fortel deg. Då får dei større motivasjon til å prate. 

2. Kommunikasjons- og språktilbod

Barn treng eit tilstrekkeleg og kvalitativt godt språktilbod for å dra nytte av det. Du som lærar under utdanning er ein rollemodell når det gjeld uttale, ordbruk, konstruksjon av setningar og tekstar, og korleis ein kommuniserer. 

3. Deltaking i samtalen

Barn lærer språk ved å snakke. Dei må få høve til å snakke, utøve språkkunnskap og -ferdigheiter og bli flinkare ved å snakke om stadig meir komplekse ting.  Ved å gjere dette vil barna utvide ordforrådet sitt, konstruere lengre og meir fullstendige setningar og auke samtalefarten. 

4. Vesentlege bidrag i samtalen

Denne kategorien handlar også om språkproduksjonen til barnet, men handlar mest om innhaldet, i motsetnad til nr. 3, som handla om omfanget av bidraget frå barnet. Barn vil ha størst nytte av samtalar om sine eigne tankar, opplevingar, ønske og intensjonar. Når dei får snakke frå sin ståstad og får støtte til å utvide kunnskapen sin, vil det vere nyttig for både språklæring og for å forstå innhaldet. 

5. Tilbakemeldingar

Samtalar er viktig for læring hos barn, og det same er det å gjere feil! Språkfeil hos barn er eit vanleg steg i utviklinga. Du bør derfor ikkje rette på dei, men heller modellere det rette ordet, slik at dei justerer språket sitt over tid. Dei treng også stimulerande respons for å halde seg motiverte til å snakke og delta i samtalar. 

Sjekkliste

·          

Ja

Nokre gonger

Nei

1   Omstende

a)   Eg skaper eit trygt miljø.

b)  Eg ønskjer verkeleg å kommunisere.

2   Språktilbod

a)   Eg snakkar forståeleg og korrekt norsk.

b)   Eg hjelper barna til å uttrykkje intensjonar dersom det er nødvendig.

 

3   Skap rom for aktiv deltaking i samtalen

a)   Eg lèt det vere stille i periodar.

b)   Eg gjev verbal og ikkje-verbal lyttarrespons.

c)   Eg stiller ikkje fleire spørsmål etter kvarandre.

d)   Eg stiller opne og inviterande spørsmål når det er nødvendig.

e)   No og då kjem eg med ei provoserande utsegn.

 

4   Forbetre kvaliteten på innhaldet

a)   Eg byggjer på innhaldet i det barnet seier.

b)   Eg prøver å finne ut saman med barnet kva det meiner (forhandling av meining).

c)   Eg oppmodar barnet om å reflektere og bruke språket på eit høgare nivå (komplekse kognitive språkfunksjonar som samanlikning, resonnering og konkludering).

d)   Eg utvidar innhaldet i det barnet seier (utviding).

 

5   Tilbakemeldingar

a)   Eg korrigerer implisitt språket til barnet (modellering).

b)   Eg organiserer det barnet seier, og samanfattar no og då.

c)  Eg gjentek det barnet seier, og fører det vidare til dei andre.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

No er du klar! Ta føre deg ein situasjon der du samtalar med eit barn eller ei gruppe barn. Fyll ut sjekklista og reflekter over svara dine. Kva for kategoriar eller element er du god på, og kvifor? Kvar vil du bli betre, og kva må du gjere for å bli det? Nettsida tilbyr deg ei rekkje ulike verktøy og teoriar. 

Kanskje vil du lese meir om ulike typar prat, samtale og dialog

Eller vil du gjere nokre oppgåver