Bruk videorefleksjon

Ein av dei beste måtane å bli flinkare til å leie utforskande samtalar på er å sjå på og reflektere over dine eigne dialogar!

Når du har sett gjennom denne nettstaden, har du truleg sett at vi brukar ei rekkje ulike teoretiske tilnærmingar, eksempelvideoar og oppgåver der du kan lære og reflektere over kva som er viktig å tenkje gjennom i samtalar om naturvitskap med små barn. I denne modulen presenterer vi ulike oppgåver du kan gjere for å prøve ut og øve på ulike sider ved naturvitskaplege samtalar. Det kan kjennast ubehageleg å sjå og høyre på seg sjølv på video, men vi veit at det å sjå seg sjølv på video og reflektere over måten du snakkar og handlar på, er ein av dei beste metodane for å bli meir medviten om kva du er flink til, og kva du kan bli flinkare til. Her er nokre kommentarar frå studentar som har delteke i SciTalk: 

Eg har blitt medviten om kor viktig det er å vere medviten og merksam når barnet stiller eit spørsmål – det er den beste måten å reagere på når barnet er nysgjerrig.
(Andreårsstudent i barnehagelærarutdanninga)

Når du lyttar til deg sjølv på video, kan du verkeleg «kritisere» deg sjølv. Du legg merke til alt du seier og gjer, og dette gjer deg meir medviten. Samtidig ser du tydeleg kva for moglegheiter du går glipp av, og kva for nokre du greier å dra nytte av.
(Andreårsstudent i barnehagelærarutdanninga) 

I denne oppgåva ber vi deg om å lage ein film eller eit lydopptak av ein meir eller mindre autentisk samtale med eit barn der emnet er noko naturvitskapleg. Det kan vere ein ikkje-planlagd situasjon som oppstår når de er ute i naturen, eller du kan velje å leggje til rette for eit eksperiment eller noko du trur barnet vil synest er interessant. 

Kva må du tenkje gjennom?

  1. Du treng 1–4 barn som ønskjer å bli med på eit naturvitskapleg eksperiment, eller som ønskjer å bli med på tur utandørs. Du må ha løyve til å filme dei, også når filmen berre er til eige bruk. Dersom det er vanskeleg å få til dette i barnehagen eller på skulen, kan du gjere ein avtale med foreldra til barn i venekrinsen eller familien din.
  2. Du må skildre kva føremålet med samtalen er. Dersom du vil gå på tur med barna, må du tenkje gjennom nokre moglege emne som kan dukke opp, men samtidig vere open for det barna er interesserte i, og for at det kan skje uventa ting. I eit planlagt innandørseksperiment, til dømes eit eksperiment der de skal lage ein vulkan av bakepulver, må du tenkje gjennom alderen på barna og på kva nivå du vil snakke om det naturvitskaplege innhaldet. Kva trur du passar for barnet du arbeider med?
  3. Ikkje skriv manuskrit for det du ønskjer å snakke om. Dialogar med barn er altfor komplekse til å bli planlagde på førehand. Du kan likevel førebu deg ved å sjå gjennom videoane som handlar om undersøking, observasjon, samtaletypar osv. på denne nettstaden. Prøv å tenkje gjennom kva som er relevant for den aktiviteten du planlegg. Tenk gjennom korleis du kan ta omsyn til ulike sider ved måten barn uttrykkjer seg på, i samtalane.

Slik går du fram

  1. Når den naturvitskaplege samtalen begynner, eller i minutta før, begynner du å filme (bruk eit videokamera, mobilen eller ein annan type kamera). Slå det av når du meiner at praten er over.
  2. Finn eit tidspunkt då du er åleine og har tid til å sjå videoen. Vel ut ein sekvens på 1–2 minutt der du meiner det skjer noko ein kan reflektere over når det gjeld vitskaplege samtalar, og transkriber denne sekvensen.
  3. Skriv ein tekst der du reflekterer over desse punkta:
  4. Finn minst éin stad i samtalen der du meiner at du legg til rette for vidare utforsking. Forklar korleis din måte å snakke, handle og forstå kroppsspråk på bidreg til dette.
  5. Finn éin stad der du meiner at moglegheita for vidare utforsking gjekk tapt. Forklar kva du meiner kan vere årsaka til dette. Pass på at du ser på både måten du snakkar på, måten barna snakkar på, og korleis de brukar kroppsspråk.
  6. Formuler to setningar der du seier noko du lærte om deg sjølv, eller kva du vil vere meir medviten om i neste vitskaplege samtale.
  7. Gå saman med medstudentane eller kollegaene dine og forklar kva du har observert og reflektert over i videoen. Be om kommentarar. Har dei andre perspektiv?

 

I denne videoen snakkar Inga Margrethe Fagerbakke om kvifor du bør transkribere samtalar med barn.

Kvifor bør du transkribere?