Utlysing av samarbeidsmidlar for studieåret 2022 - 23

Søknadsfrist 15. juni (forlenget fra 10. juni) 2022.

Føremål med samarbeidsmidlane

  • auke aktivt samarbeid mellom fakultet for helse- og sosialvitskap og praksistilbydarane
  • betre kvaliteten i praksis og praksisopplæringa
  • styrke koplinga mellom utdanning og fagutviklingsprosjekt i praksisfeltet
  • utvikle berekraftige forsking- og utviklingsmiljø (FoU) i samarbeid mellom praksisfeltet og fakultet for helse- og sosialvitskap.

Kven kan søkje?

Tilsette ved aktuelle praksisplassar for fakultet for helse- og sosialvitskap i desse helseføretaka og kommunane:

  • Helse Fonna
  • Helse Førde
  • Kommunane i Sogn og Fjordane
  • Kommunane i Voss lokalsjukehusområde (Eidfjord, Kvam, Ulvik, Vaksdal, Voss)
  • Kommunane i Nordhordland (Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy)
  • Kommunane i helse- og sosialtenesta i Bergensområdet (Askøy, Austevoll, Bjørnafjorden, Samnanger, Øygarden)
  • Tilsette ved Høgskulen på Vestlandet, fakultet for helse- og sosialvitskap.

Helse Bergen, Bergen kommune og kommunane i Helse Fonna-regionen har andre ordningar for søknad/disponering av samarbeidsmidlane.

Kva tidsperiode?

Midlane kan nyttast det komande studieåret (1. august 2022– 31. juli 2023) - med mogleg forlenging for studieåret 2023-24.

Vilkår for å søkje - begge punkta må vere oppfylt

    1. Det må vere eit samarbeidsprosjekt mellom tilsette i praksisfeltet og tilsette i HVL, fakultet for helse- og sosialvitskap. Både praksisfeltet og høgskulen må vere aktive partar i samarbeidet.
    2. Det må kome studentane på praksisplassen til nytte

Maksimal søknadssum er kr 200 000. Det er mogleg å søkje støtte til allereie pågåande prosjekt. 

Prioriterte område for samarbeidsmidlar i 2022-23 er:

  • Utvikling av nye praksismodellar og nye praksisplassar
  • Simulering og ferdigheitstrening
  • Prosjekt som kan knytast til handtering av auka tal studentar

Søknadsskjema

Elektronisk søknad finn du her

Dokument som skal lastast opp i søknaden:

  • Prosjektbeskrivelse
  • Budsjett
  • Stadfesting frå avdelingsleiar/instituttleiar på at prosjektet er godkjent

Budsjett: Standardsatsen for lønskostnader er 500 kr. per time. Det vert ikkje rekna inn overhead i samarbeidsmidlane/utviklingsmidlane. Det er eit krav at både høgskule og praksisstad deltek i prosjekta.

Søknadane vil bli vurdert i høve til følgjande kriterium:

  • Søknaden skal støtte føremålet med samarbeidsmidlane
  • Grad av nytteverdi for studentane i praksis
  • Prosjektplan er tydeleg og realistisk
  • Samanheng med plandokument og prioriteringar hos samarbeidspartane

Søkarar vil få svar på om dei får tildelt samarbeidsmidlar rundt 1. september. 

Rapportering og utbetaling

Rapportering vert gjort på eige skjema i etterkant. Lenkje til skjemaet vert tilsendt på e-post. Midlane vert utbetalt etter rapportering.

Kontaktpersonar

Helse Førde og kommunar i Sogn og Fjordane: Marit Solheim, marit.eva.solheim@hvl.no, tlf. 57 67 76 22

Helse Fonna, kommunane i Nordhordland, Bergensområdet og Voss lokalsjukehusområde: Ørjan Kjørstad, orjan.kjerstad@hvl.no, tlf. 55 58 78 35