Tilskuddsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring

Lokal kompetanseutvikling skal bidra til å auke kompetansen og kvaliteten i barnehagar, skular, kommunar og hos universitet og høgskular. På denne sida kan du lese meir om dei tre ulike ordningane.

Lokal kompetanseutvikling omfattar «Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage», «Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskule og vidaregåande skule» og «Kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis».  

Kontaktpersonar

Hovudkontaktperson:

bilde av Osvald Lykkebø

Osvald Lykkebø

Programansvarlig regional kompetanseutvikling

Kontaktperson – desentralisert ordning:

bilde av Trine Kielland

Trine Kielland

Administrativ kontaktperson regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage

Kontaktperson – regional ordning og kompetanseløftet:

bilde av Elisabeth Totland

Elisabeth Totland

Administrativ kontaktperson for kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis

 

Bakgrunn for ordningane

Ordningane vart forskriftsfesta med verknad frå januar 2021. 

Styrka samarbeid gjennom partnarskapsarbeid

Ordninga «lokal kompetanseutvikling» har som mål og premiss at samarbeidet mellom lærarutdanningane og praksisfeltet skal styrkast gjennom partnarskapsarbeid.

Eigar sine prioriteringar skal byggje på tilstandsvurderingar og analyser slik at dei tilsette sjølve er med å definerer og prioriterer den kompetanseutviklinga dei treng. I tillegg skal konkrete arbeidsplassbaserte utviklingsopplegg utformast i ein dialog mellom eigar og UH. 

Utviklingsarbeid som femner om heile kollegiet

Kompetansehevinga skal skje i kollektive prosessar og den skal vere arbeidsplassbasert. Dette betyr at utviklingsarbeidet må involvere og femne om heile kollegiet, eller det som er naturlege einingar i skulen og barnehagen, til dømes ei avdeling, eller eit trinn. 

Fakultet for lærarutdanning kultur og idrett ved HVL (FLKI) ser på deltaking og involvering i arbeid retta mot praksisfeltet vårt som viktig for forståing av lærarprofesjonen både blant eige personale og for formidling til grunnutdanningsstudentar.  Samskaping og samhandling mellom praksisfelt og FLKI vil gje god tilgang til relevante problemstillingar knytt til utdanningsforsking og kunnskap om korleis skulane jobbar med profesjonsutvikling og leiing av læringsarbeid. 

Dei tre ordningane

Desentralisert kompetanseutvikling i grunnopplæringen

Ordninga Desentralisert kompetanseutvikling (Dekomp) i grunnskulen starta i 2017 og Høgskulen på Vestlandet har vore involvert i ordninga frå starten. HVL har inngått likeverdige partnerskapsavtalar med ni kompetanseregionar i Vestland, Rogaland nord. og Hallingdal. Til eikvar tid er vi tett på og samarbeider med rundt 90 skular. Vår grunnholdning er «vi skal gå inn skuleporten» og at vårt tette samarbeid med kvar enkelt skule skal vere med utgangspunkt i den enkelte skule sitt behov for kollektiv kompetanseutvikling.  

Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage

Høgskulen på Vestlandet har tatt del i likeverdige partnerskap i regional kompetanseutvikling i barnehage sidan ordninga startet i 2019. Vi er involvert i ni kompetanseregionar, og startar kvar haust opp saman med om lag 60 barnehagar. Vi jobbar etter ein nivå- og fasemodell som går over fire semester, det vil seie at kvart enkelt tiltak og partnerskap med barnehagane held fram over to år. Vi legg stor vekt på lokal forankring av det barnehagebaserte utviklingsarbeidet.  

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderende praksis

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis skal gje alle som arbeider med barn og elevar auka kompetanse til å sikre inkludering og tilrettelegging. Det skal bidra til auka samhandling på tvers av yrkesgruppene, og vera basert på lokal kompetanseutvikling i samarbeid med universitet og høgskular. 

Hjelpa skal vera tett på barna. Målet med dette, er at alle barn og elevar skal bli gitt moglegheit for utvikling, meistring, læring og trivnad. Dei skal få god hjelp kjapt når dei treng det, oppleve at dei er ein viktig del av fellesskapet og bli høyrt om kva dei treng. Situasjonen i dag er at mange barn og elevar opplever for sein, eller ikkje god nok hjelp. Det er store kvalitetsforskjellar på tilbodet som vert gitt og mange opplever utanforskap på nært hald.  

Tilskot til kollektiv etterutdanning

Hovuddelen av kompetanseløftet er tilskot til kollektiv etterutdanning i barnehage og skule. Gjennom tilskotsordninga skal kommunar og private eigarar, barnehagar og skular vurdere kompetansebehov og gjennomføre kollektive kompetansetiltak. Ordninga skal bidra til å byggje ein grunnleggjande kompetanse for å ivareta inkludering og tilrettelegging i tråd med målsetjingane for kompetanseløftet.  

Lokal kompetanseutvikling basert på lokale behov

PPT skal komme nærmare barnehagar og skular enn dei har vore tidlegare. Statped vert omorganisert og noko av det arbeidet Statped har utført tidlegare, skal no PPT og den enkelte eining,  etter kvart bli i stand til å følgje opp sjølve. Kompetanseutviklinga skal utviklast lokalt og vera basert på lokale behov. Nettverksbygging i universitet- og høgskulesektoren skal i tillegg bidra til at desse har nødvendig kompetanse i spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Dette vert sett i samanheng med eksisterande nettverk i regional og desentralisert ordning.