Boklansering: Å studere argumentasjon av Kjersti Breivega
Bergen, Hop stasjon
Kjersti Maria Rongen Breivega er professor i norsk ved HVL Bergen. Ho underviser mellom anna i skrive- og leseopplæring, literacy og språkdidaktikk. Forskingsfeltet hennar er skriving og argumentasjonsteori- og analyse. Den nye boka i Fagbokforlaget sin serie «Å studere…» gir ei innføring i fleire ulike argumentasjonsmodellar. Lesaren blir introdusert for både klassisk argumentasjonslære og retorikk, resonnementsbaserte modellar og mange ulike diskursanalytiske tilnærmingar. Framstillinga er illustrert med eksempel, og det er lagt vekt på å få fram kva som særmerker dei ulike retningane.
Solveig Kavli frå Biblioteket og Skrivesenteret bokbadar Breivega og vi feirar publikasjonen med kaffi og kake.