Undervisningsformer på nettsamlingar

På studium som er heilt eller delvis nettbaserte har vi ulike undervisningsformer.

Forelesingar

Nettbaserte forelesingar kan bli presentert på to måtar:

  • Forelesingar i sanntid gjennom webkonferanseverktøyet Adobe Connect. Her er lærar og studentane kobla opp, og du kan stille spørsmål og delta i diskusjonar.
  • Ei innspelt forelesing som blir lagt ut på læringsplattformen Canvas, slik at du kan sjå den når det passar for deg.

Gruppearbeid

Du samarbeider med eit mindre antal studentar om eit felles prosjekt eller ei oppgåve. Gjennom tilgang til virtuelle grupperom i Adobe Connect kan gruppene møtast til fastsette tidspunkt med lyd og bilde, diskutere oppgåver og utveksle dokument. Gruppearbeid foregår både med og utan lærar.

Seminar

Seminar er ei uformell undervisningsform der lærar og studentar arbeider i lag med fagspesifikke oppgåver eller prosjekt. I nettbaserte seminar møtest de til fastsette tidspunkt i eit virtuelt rom i Adobe Connect.

Rettleiing

Rettleiing i Adobe Connect kan enten foregå gruppevis, eller mellom deg og læraren. I rettleiinga går de til dømes gjennom skriftlege oppgåver, muntlege framlegg eller anna studentarbeid.

Læringsressursar

Læringsressursar er alt undervisningsmateriale frå ein lærar på eit emne, som blir gjort tilgjengeleg for deg som student. Det kan vere opptak av undervisning, filmar, dokument, presentasjonar, lenker til viktige nettstader med meir. Ressursane blir lagt på læringsplattformen Canvas.

Sjølvstudium

Sjølvstudium er det arbeidet du sjølv legg ned i studiet ditt, som lesing av pensumlitteratur og anna relevant faglitteratur, bruk av læringsressursar, oppgåveskriving med meir.