Å vere nettstudent

Denne informasjonen gjeld både studentar som går på eit studium som kombinerer fysiske samlingar og nettsamlingar, og studentar som går på eit reint nettstudium.

Nettstudium er ein fleksibel måte å studere på, som gjer det mogleg å kombinere utdanning med jobb og familie. Nettstudium har det same faglege innhaldet som studium på campus.

Undervisningsformer

Som nettstudent har du undervisningsformer som kombinerer bruk av ulike digitale verktøy og nettundervisning. Vi brukar læringsplattformen Canvas og det nettbaserte konferanseverktøyet Adobe Connect.

Gjennom desse verktøya får du

  • tilgang til undervisningsmateriale
  • tilgang til å delta heimefrå på nettsamlingar
  • jevnleg kommunikasjon med lærarar og medstudentar

Meir om undervisningsformer

Adobe Connect er ditt virtuelle klasserom, der du ser og og kan snakke med medstudentane dine og lærarane dine. Lærarane kan vise presentasjonar, dokument og videoar, eller skrive på den digitale tavla.

Adobe Connect er kostnadsfritt å bruke for deg som student. Ved studiestart får du ei grundig innføring i verktøya du skal bruke. Kom i gang med Adobe Connect!

Dersom du får problem med lyd eller kamera, kan du finne hjelp i feilsøkingsguiden.

Utstyr og programvare

Før du startar opp på eit studium med nettsamlingar, må du sjekke at du har det som trengst av utstyr og programvare.

Gode studievanar 

Å studere på nett stiller dei same krava til gode studievanar som ved ordinære campusstudium. Det er lurt å etablere gode studievanar så raskt som mogleg.

Ta med deg desse tipsa:

  • Sett av tid til sjølvstudium! Studerer du fulltid, bør studiearbeidet minimum tilsvare ei ordinær arbeidsveke.
  • Begynn å lese pensum med ein gang, og ver førebudd til samlingane.
  • Delta på all undervisning.
  • Ver aktiv i undervisninga og still spørsmål.
  • Finn deg gode studiekameratar og delta aktivt i kollokviegrupper.
  • Bruk læringsressursane som blir gjort tilgjengeleg.