Utstyr og programvare

Før du startar opp på eit studium med nettsamlingar må du sjekke at du har det som trengst av utstyr og programvare.

Datamaskin

Du treng ei normalt kraftig datamaskin, berbar eller stasjonær, som bør oppfylle desse krava:

  • Maskina bør ha ei oppdatert programvare.
  • Maskina bør ikkje vere eldre enn 5 år (Mac bør ha siste IOS versjon)
  • Nettbrett (iPad eller tilsvarande) blir ikkje anbefalt å bruke som hovudmaskin. Skjermen bør vere minst 13 tommar. Har du nedsett syn, bør skjermen vere større.
  • Netbooks som Acer Aspire One, Asus One, Asus Eee og tilsvarande kan vere for små til å følgje nettundervisning på. 
  • Chromebook blir heller ikkje anbefalt å bruke som hovudmaskin. 

Webkamera

Berbare datamaskiner har ofte innebygd kamera. Dersom du har stasjonær maskin, eller din bærbare maskin ikkje har innebygd kamera, må du kjøpe eit eksternt kamera med usb-kobling.

Headset og mikrofon

Du treng eit godt headset med mikrofon. Headset bør være av USB-type. Headset må vera av USB-type. Har du Apple produkt kan du nytta Apple sine hovudtelefonar.

Lyd via innbygde mikrofonar i kamera eller pc gjev svak lydkvalitet og kan ikkje nyttast.

Nettforbindelse og nettverk

For å få eit stabilt bilde og god lydkvalitet er det viktig at du har stabil nettforbindelse. Vi anbefaler at du ikkje er tilknytt trådlaust nett på nettsamlingane, men at du brukar kabla nettforbindelse mellom PC/laptop og router.

Programvare

Som HVL-student har du tilgang til Office 365.

I løpet av studieåret, kan du bli bedt om å laste ned og installere andre gratisprogram.

Nettlesar

Du må ha siste versjon av nettlesaren installert. 

Test nettforbindelse og utstyr før første samling! 


Lurer du på noko?

Ta kontakt med hjelpelinja!

Hjelpelinja