Val av primærspråk på PC og i digitale verktøy
Du kan velje nynorsk eller bokmål som primærspråk på PC-en din og i fleire av dei digitale verktøya ved HVL. Her finn du rettleiingar for korleis du endrar språk i Windows, Microsoft 365, nettlesarar og Canvas.
Språk i Windows og Microsoft-kontoen
Windows-visingsspråket styrer språket som blir brukt i sjølve Windows-grensesnittet
Som standard brukar mange applikasjonar det første språket som dei støttar, frå lista over føretrukne språk i Windows. Nokre applikasjonar har eigne språkinnstillingar, som må endrast separat
Microsoft applikasjonar vel ofte enten visingspråket til Windows eller språket som er definert på kontoen. Det er derfor lurt å setje ønska språk både i Windows og på Microsoft kontoen
Korleis byte språk i Windows
Gå til Innstillingar
Trykk på Windowsknappen, søk etter innstillingar / innstillinger, trykk opne

Naviger til Språk og område
På menyen til venstre, trykk Klokkeslett og språk

Deretter trykk Språk og område

Inne i Språk og område, trykk på Legg til eit språk

Då poppar ein meny opp
Søk etter nynorsk, deretter trykk på den, så trykk neste

Huk av for språkpakke, handskrift og bruk som Windows-visingsspråk
Så trykk installer

Sørg for at nynorsk no er visingsspråk og på toppen av lista over språk

Suksess.
For at endringa skal tre i kraft må PCen restarte
Då vil språket byte til nynorsk i alle applikasjonar som har støtte for det, og som er satt til å velje språket til Windows
Tastaturoppsett
For å byte tastaturoppsett / språk i Windows trykker ein på det gjeldande språket, heilt nede til høgre, på oppgåvelinja

Så trykk på nynorsk

Korleis byte språk for Microsoft konto
Logg på Microsoft My Account
Gå til: https://account.microsoft.com/account/Account?mkt=nn-NO
Trykk logg på

Logg inn som vanleg med din HVL-konto. [brukarnamn]@hvl.no og ditt passord
Skriv ditt brukarnamn etterfølgt av @hvl.no, så trykk neste

Deretter skriv ditt passord og trykk logg på

Autentiser med multifaktor / Authenticator dersom nødvendig
Naviger til føretrukne språk
Trykk på min konto

Deretter trykk personlige opplysninger

Scroll ned til du finn lista med føretrukne språk

Trykk legg til et språk

Då poppar ein meny opp
Søk etter nynorsk, deretter trykk på den, så trykk lagre 
Bruk pilene for å flytte nynorsk til toppen av lista


Word
Til info: dette endrar språket også i Outlook (classic), Excel, PowerPoint og OneNote
I skrivebordsversjonen av Word, heilt oppe til venstre, trykk fil

Heilt nede til venstre, trykk alternativ

I menyen til venstre, trykk språk

Under visingsspråk i office, sørg for at nynorsk er på toppen. Rekkefølga kan endrast ved å trykke på språket du vil flytte og bruke knappane til høgre

Under redigeringspråk og korrektur for office, trykk legg til eit språk

Finn nynorsk på lista, trykk på den og trykk legg til

Deretter trykk på nynorsk og trykk oppgi som føretrekt

Då skal nynorsk vere på toppen av denne lista også
Huk av for lagre redigeringsspråka i skya for kontoen min, så trykk OK nede til høgre

Suksess.
Endringane trer i kraft etter restart av word. Å endre redigeringsspråk til nynorsk gjer at nye dokument som standard brukar nynorsk til korrektur
Dersom ein i enkelt-tilfelle treng andre språk kan ein endre til desse individuelt i dokumentet
Gamle dokument endrar ikkje redigeringsspråk automatisk etter byte, dette må gjerast manuelt
Individuelt i Word dokument
Slik endrar du språket til eitt enkelt Word dokument:
Nede til venstre, trykk på det gjeldande språket

Huk av for gjeldande dokument, finn nynorsk på lista og trykk på den
Deretter trykk OK

Outlook
I Outlook, trykk på tannhjulikonet oppe til høgre

I menyen til venstre, trykk generelt

Under språk og tidssone, skru på bruke Microsoft 365-innstillinger
Då vel Outlook det språket du definerte på Microsoft kontoen tidlegare i instruksen

Suksess.
Stavekontroll
I tillegg kan ein endre stavekontroll for Outlook til nynorsk
Oppe i venstre hjørne, trykk ny e-post

Deretter trykk på dei tre prikkane oppe i høgre hjørne

I menyen som kjem opp, trykk redaktør

Så trykk innstillinger for redaktør

Trykk administrer språk

Trykk legg til et annet språk

Søk etter nynorsk, trykk på den, så trykk legg til

For å setje nynorsk øvst trykker du på dei tre prikkane ved sida av nynorsk, så trykk flytt til toppen

Til slutt trykk ferdig
Teams
Oppe til høgre i Teams, trykk på dei tre prikkane

I menyen som kjem opp, trykk innstillingar

Under generelt, bla ned til du finn språk- og områdeformat
Skru på følg OS-innstillingar, deretter trykk lagre og start på nytt

Suksess.
Stavekontroll
I tillegg kan ein endre stavekontroll for Teams til nynorsk
Scroll ned til du finn redaktør-stavekontroll
Huk av ved sida av nynorsk og vurder kva av desse innstillingane du vil ha aktivert

Dessverre så støttar ikkje Teams automatisk omsetjing av meldingar frå andre språk til nynorsk, berre til bokmål.
Edge
Oppe til høgre i Edge, trykk på dei tre prikkane

I menyen som kjem opp, trykk på innstillingar

I menyen til venstre, trykk på språk

Deretter trykk legg til språk

Søk etter nynorsk, så huk av for den og trykk legg til

I lista over språk, trykk på dei tre prikkane ved sida av nynorsk
Deretter trykk flytt til toppen

Suksess.
Då er nynorsk først på prioriteringslista over språk i Edge. Nettsider som støttar nynorsk vil bruke det, nettsider som ikkje støttar nynorsk tar det første språket som dei støttar frå lista
Dessverre så støttar ikkje Edge automatisk omsetjing av nettsider frå andre språk til nynorsk, berre til bokmål.
Chrome
Oppe til høgre i Chrome, trykk på dei tre prikkane

I menyen som kjem opp, trykk på innstillingar

I menyen til venstre, trykk på språk

Deretter trykk legg til språk

Søk etter nynorsk, så huk av for den og trykk legg til

I lista over språk, trykk på dei tre prikkane ved sida av nynorsk

Så trykk flytt øverst

Igjen, trykk på dei tre prikkane ved sida av nynorsk

Så trykk vis chrome på dette språket

Suksess.
For at endringa skal tre i kraft må Chrome restarte
Då er nynorsk først på prioriteringslista og visingsspråk i Chrome. Nettsider som støttar nynorsk vil bruke det, nettsider som ikkje støttar nynorsk tar det første språket som dei støttar frå lista
Dessverre så støttar ikkje Chrome automatisk omsetjing av nettsider frå andre språk til nynorsk, berre til bokmål.
Canvas
I Canvas, trykk på konto oppe til venstre

Deretter trykk på innstillingar

Trykk rediger innstillingar

Trykk på det noverande språket
Finn nynorsk på lista og trykk på den (kan vere norsk nynorsk eller systemstandard (norsk nynorsk))

Så trykk oppdater innstillingar

Suksess.