Språkassistent – norskopplæring for flerspråklege studentar

Vi er på jakt etter deg som er masterstudent på grunnskulelærarutdanninga og som ønsker en givende deltidsjobb der du gir ekstra norskopplæring til fleirspråklege studentar.

Språkassistentordninga er midlertidig lagt ned

Vi er på jakt etter deg som er masterstudent på grunnskulelærarutdanninga. Erfaringa du har gjort deg som student ser vi på som veldig verdifull, og vi håpar du har lyst på ein jobb der du kan nytte dine fagkunnskapar.

Om jobben

Som studentassistent får du ansvar for å planleggje og å gjennomføre treff for ein gruppe fleirspråklege studentar som du møter jamleg gjennom semesteret.

Formålet med møta er å gje fleirspråklege studentar ein samtalepartnar som gjer dei høve til å forbetre norskferdigheitene. Innhaldet i møta vil vera retta mot norskopplæring ut ifrå studentane sitt språknivå.

Viktig informasjon

  • Du må vere student på grunnskulelærarutdanninga.
  • Du får betalt opplæring, og du vil ha ein fagleg kontaktperson som følgjer opp undervegs.
  • Vi vil legge til rette for at du kan ha fleire deltidsstillingar ved høgskulen samtidig.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, koordinere og gjennomføre møte både digitale og på campus.
  • Støtte studentane i fagleg arbeid.
  • Bidra til at studentane blir betre kjend med kvarandre, og byggje eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
  • Delta i kontaktmøte med fagmiljø/institutt/fakultet og erfaringsutveksling med andre studentassistentar

Arbeidstid, løn og attest

Jobben er lønna (inkludert opplæring, førebuing og evaluering).

  • Studentar med påbegynt bachelorgrad blir lønna i lønnstrinn 35, som utgjer 191,20 kroner pr. time
  • Studentar med påbegynt mastergrad blir lønna i lønnstrinn, 42, som utgjer 209 kroner pr. time

Du arrangerer treff om lag ein gong kvar veke. Du får 45 arbeidstimar, der minimum 2/3 skal gå til treffpunkt saman med studentane.

Du får attest frå HVL etter fullført jobb. 

Forventningar til deg

  • Du har lyst og er motivert til å arbeide med studentar og å bidra til å etablere eit godt læringsmiljø.
  • Du evner å sjå og å lytte til dine medstudentar.
  • Du kan arbeide sjølvstendig og liker å samarbeide med andre studentar.
  • Du er strukturert, og er god til å planleggje, men samtidig fleksibel og kan improvisere.
  • Du har god innsikt i eige studieprogram og emne som inngår.
  • Du har svært gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg.

Søknadsskjemaet finner du på toppen av denne nettsida. Søknaden blir behandla av administrasjonen ved FLKI. Spørsmål om stillinga rettast til Mona Straume Selstø på e-post msse@hvl.no

Velkommen som søkar!