Namneendring
Kva skal eg gjere dersom eg endrar namn medan eg er student ved HVL?
Namnet ditt skal til ei kvar tid vere oppdatert i studentregistera våre. Når du har fått registrert nytt namn i Folkeregistreret, blir det automatisk oppdatert i systema våre og du vil kunne sjå det i Studentweb.
Du skal ikkje sende HVL dokumentasjon på namneendringa!
Treng eg nytt studentkort når eg har endra namn?
Ja. Når du ser at namnet ditt er oppdatert på Studentweb kan du bestille nytt studentkort. Dette gjer du via brukarkontoen din. Logg på 'Min konto' med Feide og velg 'Bestill adgangskort'. Hugs å velge kva campus du vil hente det nye studentkortet ditt på.
Innan ei veke etter bestilling vil du kunne hente det nye studentkortet i Servicetorget. Pin-koden skal vere den same. Det gamle studentkortet leverer du inn til makulering før du får utlevert det nye.
Kva namn vil stå på vitnemålet mitt?
Vitnemål blir berre utstedt ein gong, og vil alltid bli utskrive i det namnet vi har registrert når vitnemålet blir laga. Ta kontakt med oss i god tid før vitnemålsutskriving dersom du har endra namn.