Såkornsmidlar - StudentFORSK
Her finn du som student informasjon om midlar du kan søkje om til å engasjere deg i forsking ved HVL.
Formål
StudentFORSK-midlane skal stimulere til auka involvering av studentar i forsking og bidra til utvikling av forskingskompetanse hos studentar tidleg i utdanningsløpet.
Midlane skal gi økonomisk støtte til involvering i og gjennomføring av eit forskingsprosjekt under fagleg rettleiing, forankra ved HVL.
Ordninga skal anerkjenne studentar med sterk fagleg motivasjon for å gjennomføre eit godt planlagt prosjekt med tydeleg potensial og verdi for fagfeltet.
Kven kan søke?
- Bachelor- og masterstudentar i samarbeid med rettleiar (vitskapeleg tilsette, inkludert ph.d.-kandidat). Studentar som skriv i gruppe på same prosjekt kan sende ein søknad.
Kva kan du søke midlar til?
- Driftsmidlar til prosjekt og gjennomføring
- Student-kunnskapsutveksling/fagleg formidling, til dømes deltaking på konferanse
Kor mykje kan det søkast om?
- Maksimalt beløp per søknad er sett til 20 000 kroner.
Innhald i søknaden
Ein fullstendig søknad skal:
- Følgje fastsett mal
- Ha eit samla omfang på maksimalt 3 sider
- Leverast som PDF på e-post til StudentFORSK
- Last ned mal med meir informasjon her.
Del 1: Prosjektplanen skal innehalde (1,5-2 sider):
- Fagleg bakgrunn for prosjektet, inkludert relevant teori, tidlegare forsking og kunnskapsstatus
- Problemstilling og/eller forskingsspørsmål, formulert klart og presist
- Metode og gjennomføringsplan, herunder beskrivelse av datainnsamling, analyse og eventuelle etiske vurderingar
- Studenten si rolle og bidrag i prosjektet
- Plan for formidling av resultata i prosjektet, til dømes gjennom seminar, konferansebidrag, poster, publikasjon eller oppgåve
- Budsjett, som spesifiserer og grunngjev prosjektet sine økonomiske behov
Del 2: Søkaren sin motivasjon og forskingspotensiale (maks 1 side)
- Studenten si rolle og læringsutbytte
- Rettleiing og fagleg støtte
Vurderingskriterier
Søknader blir vurdert etter tre hovudkriterium:
1) Akademisk kvalitet (academic excellence)
- Klar og relevant problemstilling
- God fagleg forankring
- Metodisk kvalitet og gjennomførbarheit
2) Forskningspotensial (research potential)
Vurderinga baserer seg på:
- Prosjektets originalitet og potensial for ny kunnskap eller innovasjon
- Studentens motivasjon og potensiale
- Planlagde og realistiske formidlingsaktiviteter (presentasjonar, poster, artikkel, bachelor-/masteroppgåve)
- Plan for fagleg oppfølging og støtte
3) Økonomi
- Budsjett som grunngjev behovet for StudentFORSK-midlane
Vurderingsprosess og tidslinje:
Søknadene blir vurderte av ein komité beståande av representantar frå StudentFORSK. Nærmare informasjon om tidslinje og tildeling vil bli publisert i samband med utlysinga.
Tildeling vil i tillegg medføre:
- Nominasjon til HVL-StudentFORSK FoU-pris
- Annerkjennelse i form av eit diplom
- Invitasjon til å presentere prosjektet/resultat på den årlege StudentFORSK-konferansen.
Siste revidert 15. februar 2026