Få tak i pensumbøker

Du kan skaffe pensumbøker gjennom lokale bokhandlar som Ark, Norli og Akademika. Alle dei får tilsendt pensumlistene frå oss. Det dei ikkje har i butikk, kan dei bestille inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane. Mange bokhandlarar har ved semesterstart også rabattar på pensumlitteratur for studentar.

Campus Bergen

Det er mogeleg å kjøpe pensumlitteratur lokalt ved Norli Strandgaten og Akademika Studentsenteret, som begge får pensumlister frå oss. Det dei ikkje har i butikk, kan bestillast inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane, der Akademika får oversikter frå HVL.

Campus Førde

Det er mogeleg å kjøpe pensumlitteratur lokalt ved Norli Elvetorget, som får pensumlister frå oss. Det dei ikkje har i butikk, kan bestillast inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane, der Akademika får oversikter frå HVL.

I tillegg står Studenttinget for salg av brukte pensumbøker på campus. 

Campus Haugesund

Det er mogeleg å kjøpe pensumlitteratur lokalt ved Norli Haraldsgata og Ark Haraldsgata, som begge får pensumlister frå HVL. Det dei ikkje har i butikk, kan bestillast inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane, der Akademika får oversikter frå HVL.

Campus Sogndal

Det er mogeleg å kjøpe pensumlitteratur lokalt ved Norli Amfi Sogningen og Ark Amfi Sogningen, som begge får pensumlister frå HVL. Det dei ikkje har i butikk, kan bestillast inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane, der Akademika får oversikter frå HVL.

Campus Stord

Det er mogeleg å kjøpe pensumlitteratur lokalt ved Norli Ringo Amfi Stord og Ark Amfi Stord, som begge får pensumlister frå HVL. Det dei ikkje har i butikk, kan bestillast inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane, der Akademika får oversikter frå HVL.

I tillegg står Studenttinget for salg av brukte pensumbøker på campus. Bruktbokhylla finn du på BIB105 på biblioteket