Få tak i pensumbøker

Du kan skaffe pensumbøker gjennom lokale bokhandlar som Ark og Norli. Alle dei får tilsendt pensumlistene frå oss. Det dei ikkje har i butikk, kan dei bestille inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarar, t.d. Akademika, som får oversikter frå oss. Mange bokhandlarar har ved semesterstart også rabattar på pensumlitteratur for studentar.

Campus Bergen

Det er mogeleg å kjøpe pensumlitteratur lokalt ved Norli Strandgaten og ARK Beyer Strandgaten, som begge får pensumlister frå oss. Det dei ikkje har i butikk, kan bestillast inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane, der Akademika får oversikter frå HVL.

ARK vil i tillegg selje pensumbøker på K1 i vrimlearealet 17.-18. august kl. 10.00-15.00 og onsdag 19. august kl. 10.00-14.00. 

Campus Førde

Det er mogeleg å kjøpe pensumlitteratur lokalt ved Norli Elvetorget, som får pensumlister frå oss. Det dei ikkje har i butikk, kan bestillast inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane, der ARK og Akademika får oversikter frå HVL.

Norli vil i tillegg ha stand på campus tysdag 11. august og onsdag 12. august, kl. 12-14.30. Studenttinget i samarbeid med biblioteket står for salg av brukte bøker på campus året rundt. Bruktbokhylla finn du i biblioteket og ein betalar med Vipps. 

Campus Haugesund

Det er mogeleg å kjøpe pensumlitteratur lokalt ved Norli Haraldsgata og ARK Haraldsgata, som begge får pensumlister frå HVL. Det dei ikkje har i butikk, kan bestillast inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane, der Akademika får oversikter frå HVL.

ARK og Norli vil i tillegg ha stand på Studenttorget onsdag 12. august. 

Campus Sogndal

Det er mogeleg å kjøpe pensumlitteratur lokalt ved Norli Amfi Sogningen og ARK Amfi Sogningen, som begge får pensumlister frå HVL. Det dei ikkje har i butikk, kan bestillast inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane, der Akademika får oversikter frå HVL.

Norli vil i tillegg ha stand på campus i kantina på campus tysdag 18. august kl. 11.30-13.00, og under grillinga i sentrumsparken onsdag 12. august kl. 15.00-17.00. 

Campus Stord

Det er mogeleg å kjøpe pensumlitteratur lokalt ved Norli Ringo Amfi Stord og ARK Amfi Stord, som begge får pensumlister frå HVL. Det dei ikkje har i butikk, kan bestillast inn. Du finn også pensumbøker hos nettbokhandlarane, der Akademika får oversikter frå HVL.

I tillegg står Studenttinget for salg av brukte pensumbøker på campus. Bruktbokhylla finn du på BIB105 på biblioteket.