Eigenerklæring for utveksling

Ved å takke ja til utveksling (studium eller praksis på minst 2 månadar) forpliktar eg meg til å 

  • sette meg inn i relevant informasjon som gjeld utvekslingsopphaldet og institusjonen eg skal til, til dømes informasjonsmøte og nettsider.
  • sette meg inn i kva vaksinar eg må ta før avreise.
  • skrive rapport etter heimkomst, eventuelt blogg under opphaldet.

Eg har sjølv ansvar for at alle emne/kurs eg tar i utlandet er godkjente av HVL, og for å varsle høgskulen så snart som mogleg dersom det oppstår endringar.

Eg må sjølv semesterregistrere meg og betale semesteravgift til HVL innan fristen, samt oppdatere kontaktinformasjonen min i Studentweb.

Eg må sjølv sørge for å teikne dei nødvendige private forsikringane i samband med utvekslingsopphaldet mitt i utlandet. Dette gjeld sjuke- og ulukkesforsikring, reiseforsikring som inkluderer heimtransport i tilfelle sjukdom eller skade, samt nødvendige tjuveri- og ansvarsforsikringar. Ved opphald i EU/EØS- land er eg sjølv ansvarleg for å skaffe og ta med gyldig Europeisk Helsetrygdekort frå helsenorge.no.

Eg er ansvarleg for å følge lovar og reglar, både i landet eg skal bu i og på institusjonen eg skal studere ved. Eg har ansvar for å halde meg oppdatert på situasjonen i landet, og for å følge råd frå lokale styresmakter og leiinga på vertsinstitusjonen dersom spesielle situasjonar skulle oppstå.

Eg er klar over at det alltid vil vere ein viss risiko knytt til utanlandsopphald, og aksepterer at Høgskulen på Vestlandet ikkje kan haldast ansvarleg for hendingar som eventuelt skulle skje meg medan eg er på utveksling.