
Interkulturell kompetanse før og etter utveksling
Kva betyr det når danskane spør om å ta ein kaffi etter jobb? Kan ein gå i shorts og T-skjorte på førelesingar i Frankrike? Kunnskap om kulturelle likskapar og forskjellar hindrar misforståingar.
Kva er særeige ved det norske? Kva er særeige ved andre kulturar? Korleis kommuniserer vi annleis, enten med ord, kroppsspråk, klede eller handlingar?
Før du reiser på utveksling kan det høve seg å reflektere over ulike sider ved eigen og andre kulturar. Her tilbyr HVL to emne som vi tilrår studentar å ta:
Før utveksling
Emnet Interkulturell kompetanse før utveksling tar sikte på å skape grunnlag for kunnskap og forståing for eige ståstad, og førebu studenten på opphald ved læringsinstitusjon/praksisplass i ein anna kontekst enn den norske.
Emnet gir 2,5 studiepoeng, og undervisinga går over tre kveldar.
Skal du på utveksling våren 2026? Det blir undervising tysdag 28. oktober, tysdag 4. november og tysdag 11. november. Undervisinga går frå klokka 17.00 til 20.30 alle dagane, og vil gå føre seg på Zoom.
Onsdag 12. november er det lagt opp til ei fysisk samling, som supplement til dei digitale, gitt at mange nok frå kvar campus melder seg på.
24. september klokka 14.15–15.00 er det informasjonsmøte om emnet.
Lenke til informasjonsmøtet (Zoom)
Møte-ID: 639 2370 6461
Passkode: 598192
Påmeldingsfristen til emnet er 10. oktober.
Etter utveksling
Emnet Interkulturell kompetanse etter utveksling baserer seg på refleksjonar undervegs i og i etterkant av utvekslingsopphaldet.