Interkulturell kompetanse før og etter utveksling

Kva betyr det når danskane spør om å ta ein kaffi etter jobb? Kan ein gå i shorts og T-skjorte på førelesingar i Frankrike? Kunnskap om kulturelle likskapar og forskjellar hindrar misforståingar.

Kva er særeige ved det norske? Kva er særeige ved andre kulturar? Korleis kommuniserer vi annleis, enten med ord, kroppsspråk, klede eller handlingar? 

Før du reiser på utveksling kan det høve seg å reflektere over ulike sider ved eigen og andre kulturar. Her tilbyr HVL to emne som vi tilrår studentar å ta:

Før utveksling

Emnet Interkulturell kompetanse før studentutveksling(INT100) tar sikte på å skape grunnlag for kunnskap og forståing for eige ståstad, og førebu studenten på opphald ved læringsinstitusjon/praksisplass i ein anna kontekst enn den norske. 

Emnet gir 2,5 studiepoeng, og undervisinga går over tre kveldar. 

Skal du på utveksling våren 2027? Det blir undervising måndagane 25. oktober, 2. november og 9.november 2026. Undervisinga går frå klokka 17.00 til 20.00 alle dagar og vil gå føre seg på Zoom.

Slik søker du: Klikk på lenken til Studentweb. Søk opp emnet INT100 under «Aktive emner» i Studentweb for å melde deg opp.

Søknadsfrist: 1. oktober 2026.

Har du spørsmål om emnet? Send e-post til Hildegunn Loftesnes eller Marte.Bodil.Rod@hvl.no. 

Påmeldingsfristen til emnet er 01. oktober 2026.

Etter utveksling

Emnet Interkulturell kompetanse etter utveksling baserer seg på refleksjonar undervegs i og i etterkant av utvekslingsopphaldet.