Wageningen University

Wageningen University & Resarch er eit særskild viktig universitets og forskningssenter i Nederland. Det har over 12 000 studentar og 6500 ansatte og forskar m.a. på boilogisk forskning på matproduksjon, miljø og helse og livsstil. universitetsavdelinga samarbeidar tett med forskarane. WUR er internasjonalt anerkjend for arbeidet sitt.

 

Wageningen er ein internasjonal by med litt under 40 000 innbyggjarar. Han ligg ein time frå Amsterdam nord for elva Nederrijn. Byen spelte ei viktig rolle i frigjeringa av Nederland under andre verdskrig og ein stor festival markerer frigjeringa kvar 5. mai.

 

Vårsemesteret i Nederland varer frå januar/februar til juni/juli. Haustsemesteret startar vanlegvis i slutten av august eller byrjinga av september.

Gjeld for

Studiestad Sogndal

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet.

Språk

Krav om B2 eller betre i engelsk.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen.

Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ved det fakultetet du høyrer til. Ein godkjend søknad inneber mellom anna at du har fått ei fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserar kva du skal gjere medan du er på utveksling og at disse aktivitetane blir godkjend som del av utdanningsplanen din ved HVL. Instituttleiar eller internasjonal koordinator på avdelinga di kan rettleie deg med omsyn til val av emne.