Martin Luther University Halle-Wittenberg

Martin Luther University Halle-Wittenberg ligg i byen Halle og har rundt 23 000 nasjonale studentar så vel som 2100 internasjonale studentar. I Tyskland har dei vanlegvis vintersemester mellom september/oktober og mars/april, og sommarsemester frå mars/april til slutten av juli.

Gjeld for

Campus Sogndal.

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet.

Språk

Det er anbefalt å ha B1 i tysk på CEFR-skalaen.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen.

Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å kunne søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du tilhøyrer. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL

Kva kan du studere?

Fornybar energi, bachelor, Sogndal

Du kan reise på utveksling til Halle-Wittenberg i 4. eller 5. semester av utdanninga di.

Geologi og geofare, bachelorstudium, Sogndal

Du kan reise på utveksling til denne institusjonen i 5. semester av utdanninga di.

Landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag, bachelorstudium, Sogndal

Det er lagt til rette for utveksling i 4. semester av utdanninga di.