Hopp til innhald

Bingen University of Applied Sciences

Bingen University of Applied Sciences er ein teknisk høgskule med et internasjonalt fokus. Det er rundt 2500 studentar. Det er spesielt innen fornybare ressurser og bærekraft Bingen tilbyr engelskspråklige fag.

Bingen am Rhein er ein by i Rheinland-Pfalz i Tyskland ved elva Nahe der denne renn ut i Rhinen. Området karakteriseres som et vinområde. Byen er grunnlagt i jernalderen av keltarane ("Bingium") og har i dag om lag 25 000 innbyggjarar.

Gjeld for

Mlijøvitskap og elektrofag.

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet.

Språk

Det er krav om B2 i engelsk.

Alle som reiser på Erasmus+ utveksling må ta språktest på nettet før dei reiser, og får tilgang til eit språkkurs gjennom denne tenesta. Avdeling for Forskning, Internasjonalisering og Innovasjon (AFII) informerer deg før testen.

Kan du dokumentere at delar av studiet vert undervist på tysk, kan du få stønad frå Lånekassen til eit 4 ukers språkkurs som tas i Tyskland i forkant av semesteret.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen. Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å kunne søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du høyrer til. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL.

Kva kan du studere?

Bachelor i fornybar energi

Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i 4. eller 5. semester.Ta kontakt med fagleg kontaktperson for meir informasjon.

Bachelor i geologi og geofare

Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i 5. semester. Ta kontakt med fagleg kontaktperson for meir informasjon.

Ingeniørfag - elektro, automatiseringsteknikk, bachelorstudium, Førde

Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i 4. eller 5. semester. Ta kontakt med fagleg kontaktperson for meir informasjon.

Ingeniørfag - elektro, energi, elkraft og miljø, bachelorstudium, Førde

Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i 4., 5. eller 6. semester. Ta kontakt med fagleg kontaktperson for meir informasjon.

Bachelor i landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i 4. semester. Ta kontakt med fagleg kontaktperson for meir informasjon.