Autonomous University of Barcelona
Ved Universitat Autònoma de Barcelona studerer omtrent 30 000 studentar, rundt 30% av desse er internasjonale. Haustsemesteret i Spania går vanlegvis frå midten av september/oktober til januar/februar. Vårsemesteret startar i januar/februar og varer til juni/juli.
Gjeld for
Campus Sogndal.
Erasmus+
Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet.
Språk
Krav om B2 eller betre i engelsk.
Studieavgift
Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen.
Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.
Faglig godkjenning
Før du reiser må du levere ei fagleg førehandsgodkjenning, ein såkalla Learning Agreement, som skal godkjennast av instituttleiar. Dette er ein garanti for at det du studerer i utlandet vil kunne gå inn i graden din ved HVL. Instituttleiar eller internasjonal koordinator på avdelinga di kan rettleie deg med omsyn til val av emne.