Nicholas Copernicus University
Nicolaus Copernicus University ligg i byen Torun og har nærare 25 000 studentar. Haustsemesteret i Polen startar i byrjinga av oktober og varer til midt i februar. Vårsemesteret startar midt i februar og varer til slutten av juni.
Gjeld for
Campus Sogndal.
Språk
Krav om B2 eller betre i engelsk.
Studieavgift
Som Erasmus+ -student betalar du ikkje studieavgift til den utanlandske institusjonen, tvert imot får du eit Erasmus+-stipend i tillegg til støtta frå Lånekassen.
Faglig godkjenning
Før du reiser må du levere ei fagleg førehandsgodkjenning, ein såkalla Learning Agreement, som skal godkjennast av instituttleiar. Dette er ein garanti for at det du studerer i utlandet vil kunne gå inn i graden din ved HVL. Instituttleiar eller internasjonal koordinator på avdelinga di kan rettleie deg med omsyn til val av emne.