Hopp til innhald

Stellenbosch University

University of Stellenbosch vart etablert i 1918. Universitetet ligg i idylliske omgjevnader 50 km aust for Cape Town. Stellenbosh University er eit anerkjent og godt universitet som dekker dei fleste fagområde. I nærleiken er det høve til å gå fjellturar, besøke vakre strender, reise på vinsmakingsturar, dykke og surfe. Om du er interessert i idrett og trening, har Stellenbosh eit tre-etasjar stort treningssenter med to symjebasseng i tillegg til anlegg for dei fleste idrettar. Ein stor del av dei lokale studentane er involvert i idrett og dette er ein fin arena å verte kjent med dei lokale studentane på. For eit pulserande uteliv og shopping er det fint å ta turen til Cape Town. University of Stellenbosch har 29 000 studentar, om lag 4000 internasjonale studentar frå meir enn 100 land og om lag 3000 fagleg- og administrativt tilsette.

Gjeld for

Master i innovasjon og entreprenørskap

Praktiske forberedelser

Alle som reiser på utveksling til Sør-Afrika må søke om visum via den Sørafrikanske ambassaden i Oslo. Dette kan vere ein tidkrevjande prosess og det er anbefalt å kome i gong så snart du har fått opptaksbrev frå universitetet. Det er òg lurt å skaffe alle nødvendige dokument i god tid før du skal søke visum. Du må legge fram politiattest, røntgen, legeerklæring, fødselsattest og stadfesting på finansiering. <a href="http://www.dirco.gov.za/oslo/">Søknadsskjema og oppdatert informasjon finn du på nettsidene til Sør-Afrikas ambassade.</a>

Studieavgift

For å studere ved University of Stellenbosch må du betale skulepengar. Summen er om lag 37 000 R, og du får heile beløpet dekka av lånekassen med fordelinga 70 % stipend og 30 % lån. Studentar som vel å nytte seg av denne utvekslingsavtalen i år 2020 og 2021 får eit stipend frå HVL.

Faglig godkjenning

For å kunne søkje om utveksling må du ha fått søknaden din godkjent av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du høyrer til. Ein godkjent søknad betyr at du har fått ei fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at dei aktivitetane vil verte fullt ut godkjent som del av utdanningsplanen din ved HVL.

Kva kan du studere?

Masterprogram i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping

Du kan reise på utveksling til Stellenbosch som del av faget «INN520 Entreprenørskap i praksis - oppstartsbedrifter i en regional kontekst» og får ta del i ein sørafrikansk startup. Som del av det 10 veker lange internshipet får du arbeide både med det entreprenørielle teamet, og saman med rådgjevarane og ekspertane knytt til inkubator- og akseleratoren.

Oppgåvene dine er å hjelpe til med:

bold

Startups du kan vere del av