Betre rusta til arbeid i kommunehelsetesesta

Inger Lise (42) jobbar i heimetenesta i Bremanger kommune. Ved å ta master i avansert klinisk allmennsjukepleie på deltid, får ho ettertrakta spesialistkompetanse i allmennsjukepleie.

Navn: Inger Lise Langedal
Campus: Førde
Utdanning: Master i avansert klinisk allmennsjukepleie

- Eg kan absolutt anbefale denne utdanninga vidare! Det er lærerikt og spennande og du får utfordra deg sjølv på mykje, seier ho.    

Masteren i avansert klinisk allmennsjukepleie tar føre seg eit bredt felt og famnar om fleire ulike emne, ikkje berre sjukepleiarfaget. Dette gir nødvendig kompetanseheving til kommunane.

- Det er spennande å fordjupe seg meir i det kliniske arbeidet, få meir kunnskap om akutt sjukdom og sjuke barn. Det gjer at eg kan bli meir systematisk når eg undersøker pasientar.

I tillegg til sjukepleiarutdanning har Inger Lise tatt vidareutdanning innan hjerneslag og sluttspill.

- Masteren i avansert klinisk allmennsjukepleie gir meg fagleg påfyll og repetisjon, samtidig som eg lærer nye ting. Eg sit igjen med ein breiddekompetanse som vil komme til god nytte ute i kommunehelsetenesta. Det er i tillegg ei fin moglegheit til å knyte nettverk og dele erfaringar med medstudentar som også har lang erfaring og høg kompetanse. 

Svare på komplekse behov

Kommunane har opplevd ei auke i pasientar med langvarige og samansette behov for helsetenester. Målet er at utdanninga skal hjelpe kommunane med å ivareta pasientar med komplekse behov. Masterutdanninga var ny ved HVL i fjor.  

- Det er eit krevjande studium, og det kan vere utfordrande å gå tilbake på skulebenken etter mange år i arbeidslivet, spesielt med tanke på oppgåveskriving, engelsk litteratur osv.

Inger Lise fekk vite om utdanninga på HVL sine nettsider. Ho studerer no på andre semester og ser veldig fram til praksisperioden som startar i semester fem.

- Eg håpar å få brukt meg sjølv mykje då, seier ho.  

Får spesialistgodkjenning

Det siste tiåret har det vore ein oppgaveforskyving i helsetenestene frå stat til kommune som følge av Samhandlingsreformen. Det har ført til at det blir stilt større krav til kompetanse i kommunane, noko den nye mastergraden skal svare på.   

- Blir du for eksempel akutt sjuk på sjukeheim skal du slippe å bli lagt inn unødvendig på sjukehus, men heller få behandling der dei bur. Ei anna side er at kommunane har krav på seg til å sikre god hjelp til dei som er ferdigbehandla av spesialisthelsetenesta. Desse pasientane treng gjerne hjelp frå månge instansar, og då kan ein spesialistsjukepleier i allmennsjukepleie sjå heilskapen og sørge for at riktige instansar blir kobla på, forklarer instituttleder Georg Førland, ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap.

- Det er eit stort behov for denne spesialiserte sjukepleiarkompetansen i kommunane. Det er pasientgrupper som kommunane skal handtere, og utdanninga svarer på dette kompetansebehovet.

Sjukepleiarar som tek masterutdanninga kan søke om spesialistgodkjenning av Helsedirektoratet etter fullført utdanning. Kommunar som vil ha spesialistkompetanse i allmennsjukepleie kan søke om tilskot frå Helsedirektoratet.

Masterutdanninga er organisert som eit samlingsbasert deltidsstudium og kan kombinerast med arbeid. Utdanninga går på deltid over fire år, og samlingane er i Bergen, Førde og på Stord/Haugesund.