Nysgjerrig på kvifor ting fungerer som dei gjer

Hedda Vik Askeland (24) frå Bergen har alltid likt realfag . Difor valde ho å studere miljøteknologi og industriell kjemi i heimbyen.

– Eg valde dette studiet fordi eg ville ta ei realfagleg utdanning som baserer seg på å jobbe både teoretisk og praktisk. Som kjemiingeniør jobbar ein mykje praktisk på laboratorium i tillegg til PC-arbeid, seier Hedda.

– Kan du fortelje litt om korleis studiet er lagt opp?

– Studiet har hovudfokus på fag som er knytt til miljøteknologi og prosessemne. Faga handlar om mange ulike tema som analyseteknikkar, miljøvennlege kjemikaliar, separasjon og varmetransport, og korleis prosessar blir overvaka og styrt via datakommunikasjon. Du får også praksisnær undervisning i klasserom og øving i laboratorium. I løpet av bachelorgraden kan du ta valfag der du har praksis i ei lokal bedrift. Siste semester jobbar du med bacheloroppgåve som kan utførast ved høgskulen eller eksternt i ei bedrift.

– Kva er det kjekkaste med studiet?

– Det eg likar best med studiet er alt det praktiske vi lærer på laboratoriet, og alt det teoretiske vi lærer når vi skriv rapport etter labforsøket.

Bergen – ikkje for liten, ikkje for stor

24-åringen syns Bergen har eit spennande studentliv, og seier det er mykje som skjer her. Det er også ein bonus at familien bur nærme.  

– Det beste med å bu i Bergen er størrelsen på byen, den er ikkje for liten og ikkje for stor. Det meste er nærme, og viss du ynskjer å ta deg ein fjelltur etter nachspiel treng du ikkje å gå langt!

Vil forske på skjulte stoff i naturen

Når ho er ferdig med bacheloren ynskjer Hedda å gå vidare på master i naturstoffkjemi ved UiB.  

– Eg vil forske på stoff ein kan finne i naturen som ikkje allereie har blitt oppdaga.

– Kvifor vil du anbefale bachelor i miljøteknologi og industriell kjemi til andre?

– Eg vil anbefale dette studiet fordi det har mange interessante fag. Faglærarane er veldig dyktige og gir deg god oppfølging. I tillegg er laboratoriet moderne, og bidrar til eit lærerikt studium.

Høyrest bachelor i miljøteknologi og industriell kjemi ut som ei spennande utdanning? Les meir på studiesida.