Miljøteknologi og industriell kjemi

Bachelor

Er du opptatt av miljøutfordringane vi står overfor? Likar du realfag og teknologiske fag? Då kan kjemiingeniørutdanninga vere noko for deg!

Denne utdanninga tek ikkje opp studentar til hausten 2022.

Korleis kan vi utnytte naturressursane våre utan å skade naturen? Som kjemiingeniør kan du vere med på å finne gode løysingar for ei berekraftig utvikling.

Her lærer du om

  • kjemi som er læra om stoff, deira eigenskapar, samansetjing og reaksjonar
  • korleis kjemi bidreg til å løyse utfordringar både for oss i kvardagen, i industrisamanheng og i eit miljøperspektiv
  • bruk og handtering av kjemikaliar
  • oppbygging, verkemåte og drift av industrielle prosess- og produksjonsanlegg
  • moderne laboratorieinstrumentering
  • miljøanalysar
  • reinseteknologi
  • bruk av datateknologi

Studieprogrammet miljøteknologi og industriell kjemi er utvikla i samarbeid med næringslivet, noko som gjer at du blir godt rusta for yrkeslivet.

Miljøteknologi og industriell kjemi har fokus på korleis du reduserer eller hindrar forureining allereie ved kjelda. Sentrale tema er fornybare råmateriale, bruk av miljøvennlege kjemikaliar og avfallsreduksjon. Du vil også lære om dei generelle trinna i kjemisk analyse, som til dømes i miljøanalysar, samt viktige analyseteknikkar. Du får dermed kunnskap om prøvetaking, prøvebehandling, moderne analysemetodar og kvalitetssikring av analyseresultat.

Fleire av emna fokuserer på industrielle prosessanlegg og korleis dei verkar. Du lærer om separasjon og reinseteknologi samt varmetransport og varmeoverføringsprosessar. I tillegg får du ei innføring i korleis prosessar blir overvaka og styrt via datakommunikasjon.

Korleis er undervisninga?

Allereie frå første semester vil du få kontakt med industri- og næringsverksemd gjennom prosjektarbeid, ekskursjonar og gjesteforelesingar. Du får praksisnær undervisning i klasserom og ferdigheitstrening i nye, flotte laboratorium. Du får bruke ny, relevant og til dels avansert instrumentering. Det blir også lagt stor vekt på laboratorieøvingar og utrekningar ved bruk av dataprogram der du får prøve ut problemstillingar frå teoriundervisninga. Dei praktiske øvingane blir ofte utført i grupper.

Du kan velje spennande valfag, mellom anna kan du velje å ha praksis i ei bedrift. 

I siste studieår skal du gjennomføre ei bacheloroppgåve (prosjektoppgåve) i samarbeid med medstudentar. Bacheloroppgåva kan utførast internt ved Høgskulen på Vestlandet eller eksternt i ei bedrift. Du kan også ta bacheloroppgåva i utlandet.

Vil du studere meir?

Ein bachelor i ingeniørfag i miljøteknologi og industriell kjemi kvalifiserer deg til å søke på framtidsretta jobbar. Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Ved HVL kan du ta mastergrad i berekraftig energiteknologi (planlagt oppstart hausten 2023) som vil gi tittelen sivilingeniør. Det er også mogleg å ta masterstudium i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping eller ein master i brannsikkerheit.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet i siste studieår. Sjå kor du kan reise i lista under. 

Kor kan du reise?