Bioingeniørstudiet ved HVL.

Bioingeniør

Bachelor

Ein bioingeniør samlar inn og analyserer biologisk materiale som blant anna blod eller vev. Resultata er avgjerande for å kunne stille korrekte diagnosar og gi rett behandling av sjukdom. 

Kvifor studere bioingeniør?

Som bioingeniør har du ansvar for å utføre analysar og kvalitetssikre analyseresultata. Bioingeniøren bidrar til at ei rette diagnosane blir stilt, ved å overvake ulike former for medisinsk behandling.

Bioingeniørar har pasientkontakt ved blodprøvetaking, opplæring og rettleiing av ulike pasientgrupper. Du arbeider sjølvstendig, men samarbeider òg med andre bioingeniørar og anna helsepersonell.

Du kan studere bioingeniør på heiltid ved campus Bergen. 

Kva lærer du på bioingeniørutdanninga?

 

Korleis er undervisninga?

I bioingeniørutdanninga får du utvikla medisinske, tekniske og metodiske kunnskapar og ferdigheiter. Du vil også trene på viktige ferdigheiter som kommunikasjon, formidling og samarbeid.

Du får både teoretisk undervisning og laboratoriekurs.

Praksis for bioingeniør

I alle tre studieåra på bioingeniørutdanninga får du rettleia praksis ved ulike medisinske laboratorium i Helse Vest. Her blir du betre kjend med dei ulike medisinske laboratoria si rolle i helsevesenet, og med sjølve yrket. 

Meir informasjon om praksis

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale ei semesteravgift på kr 750 kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utveksling

Som bioingeniørstudent ved HVL, kan du kan søke om å reise til ein av våre internasjonale samarbeidspartnarar for å utføre bacheloroppgåva i 6. semester. I nokre tilfelle kan du utvide utvekslingsopphaldet, og i tillegg gjennomføre praksis ved den samarbeidande utdanningsinstitusjonen.

Kor kan du reise?

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i bioingeniør kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også ta vidareutdanninga medisinske laboratorieanalysar, som er på masternivå og kan integrerast i ulike masterstudium som master i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping ved HVL. 

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Andre utdanningar du kanskje vil like