Energiteknologi

Bachelor

Korleis møter vi dagens og framtidas energibehov på ein berekraftig måte? Kva slags energi og teknologi vil bidra til å få fart på det grøne skiftet? Samfunnet treng ingeniørar med eit breitt og heilskapleg syn på problemstillingar knytt til energi og klima. 

Denne utdanninga gir deg kunnskap til å utvikle og iverksette nye løysingar slik at samfunnet har sikker tilgang til energi frå fornybare kjelder i tida som kjem.

I løpet av studiet får du kompetanse innan fornybar energi, energidistribusjon, energibruk og -effektivisering for at du som energiingeniør kan bidra aktivt til å møte samfunnets energibehov og klimamål på ein miljøvennleg måte. Du lærer om fornybare energikjelder, som vindkraft, bio- og solenergi, og om tradisjonelle energikjelder, som vasskraft og fossil energi.

I 5. semester har du moglegheit å velje blant ulike valfag. Her kan du per i dag velje mellom blant anna varme, ventilasjon- og kuldeteknikk, hydrogenteknologi, fornybar havenergi, solenergi og prosjektleiing. Valfagtilbodet blir fortløpande oppdatert og fornya.

I siste semester skriv du bacheloroppgåve saman med ein eller to medstudentar. Det kan vere ei oppgåve frå ein bedrift i energisektoren, eller eit firma som ønsker å bli meir energieffektivt. Du kan også bli med på energirelatert forskingsarbeid ved HVL.

Gjennom studiet får du grunnleggande ingeniørkompetanse som er felles for dei ulike ingeniørfaga. Slik gir utdanninga deg evna til å omstille deg til stadig nye arbeidsoppgåver og du kan jobbe i mange ulike bransjar.

Undervegs i studiet kan du få god støtte frå Energistudentenes linjeforeining. Det er ei foreining for alle energistudentar på tvers av årskulla ved Høgskulen på Vestlandet. Linjeforeininga skaper eit godt læringsmiljø og organiserer både sosiale og faglege arrangement, for eksempel bedriftsbesøk og eit stort årleg energiseminar.

I Studiebarometer 2019 var Energiteknologi ved HVL det best likte energistudiet i Noreg.

Undervisningsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå emne til emne. Det blir ei blanding av forelesingar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, i tillegg sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav om fysisk oppmøte. IT- og berekningsverktøy blir brukt i aukande grad i studiet.

Nokre av faga har skriftleg eksamen, medan det i andre fag er mappevurdering eller munnleg eksamen.

Laboratorium

Institutt for maskin- og marinfag har fleire laboratorium som vi nyttar oss av. Mellom anna har vi eit solenergilaboratorium knytt eit passivhus, og eit motorlaboratorium med mellom anna ein beta-Stirlingmotor, som det berre finst eit fåtal av i Noreg. I forbrenningsmotorane blir biodrivstoff og moderne motorteknologi testa.

Marinlab, ein 50 meter slepe- og bølgetank, undersøkast innretningar for tidevatns- og bølgjekraft. Ved hjelp av 3D-scannar og 3D-printar kan ulike modellar konstruerast og byggast. Dessutan disponerer instituttet ei kombinert kraft-varme-eining (micro combined heat and power, CHP) for undersøkingar om energigjenvinning.

Vil du studere meir?

Med ein bachelor i energiteknolgi har du mange moglegheiter! Du kan anten gå ut i jobb, eller velje frå eit større utval av mastergrader og vidareutdanningar som bygger på bachelorgraden.

Studiet gir eit godt grunnlag for vidare studium i fornybar energi i inn- og utland. Det finst for eksempel masterstudium i energi ved både NTNU og universiteta i Bergen og Oslo. HVL jobbar også med å få eit eige masterprogram i energi innan 2022. I utlandet tilbyr for eksempel Dansk Teknisk Universitet (DTU) i Danmark interessante masterstudium i energi.

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ønsker det. I 5. semester kan du i staden for å ta valfag ved HVL, reise på utveksling.

Kor kan du reise?

 

Dette seier tidlegare studentar:

Energiteknologi er eit naturleg bindeledd i mange samanhengar, og studiet gjer deg til ein veldig klassisk ingeniør som kan litt om alt. Samtidig har du valfaga i 5. semester som gjev gode mogelegheiter for spesialisering.

Daniel Olausen Gullbrå

Energiteknologilinjen ved HVL har dyktige forelesere som verkeleg brenner for stoffet. Fagene i studiet heng veldig godt saman og utfyller kvarandre. For eksempel gir termodynamikk deg grunnleggande forståing for energi, mens faget om energikjelder og -teknologi i det påfølgande semesteret lar deg ta i bruk og fordjupe denne kunnskapen på mange ulike område.

Anders Vangsnes Bøe

Vi har et veldig bra studiemiljø med en god blanding av gutter og jenter. HVL har dyktige forelesere og moderne fasiliteter. I tillegg er Bergen en aktiv studentby med mange sosiale arrangementer.

Sondre Opsal Haug

Det er gull verdt når du kan jobbe i grensesnittet til de klassiske ingeniørfagene – og det er nettopp det du gjør som energiingeniør.

Birthe Espeland Steinsøy (Multiconsult)

Energiteknologistudiet svarar på eit behov i bransjen, og VVS-bransjen i Bergen er absolutt farga av energiteknologistudiet ved HVL, og av kvinneandelen på studiet.

Hilde Skeie Gullbrå (Multiconsult)

Ein draum gjekk i oppfylling då eg fekk jobben i BKK Varme som produksjonsansvarleg for fjernvarmeanlegget. Det var dette eg tok utdanninga mi for, og ville jobbe med.

Kristian Aho (BKK Varme)