– Ei framtidsretta utdanning

Amruthaa trivst godt på laben, der ho får moglegheit til å utforske dei ulike faga i praksis.

Navn: Amruthaa Kishore
Campus: Bergen
Utdanning: Bachelor i energiteknologi (ingeniørutdanning)

Energiteknologi er ei framtidsretta utdanning med ein god blanding av fag. Den spennande kombinasjonen av energi og teknologi var det som gjorde utslaget for meg då eg skulle velje studium, seier Amruthaa.

22-åringen fortel at ho alltid har vore interessert i realfag, og at ho tidleg visste at ho ville bli ingeniør. Til slutt fall valet på energiteknologi, noko som viste seg å vere ei god avgjerd.

– Det beste med energiteknologistudiet er at du får ny kunnskap om energi; kva for typar som er fornybare og kva potensiale dei ulike har, og om dei er berekraftige. Du får også mykje praksis gjennom lab-øvingar, og det er veldig kjekt, seier ho.

Amruthaa fortel at det er eit veldig godt studiemiljø på energiteknologistudiet, og at det er låg terskel for å banke på døra hos forelesarane når ho har spørsmål.

Svært nyttig med lab

I tillegg til studiet har Amruthaa også hatt deltidsstillingar som studentassistent og informasjonsmedarbeidar hos studentsamskipnaden Sammen, i tillegg til å jobbe på HVL-biblioteket. Ho fortel at ho likar å ha mykje å gjere. Det kjem også godt med som ingeniørstudent.

– Nokre av faga, som til dømes fysikk, krev meir tid og innsats, og det er mykje å sette seg inn i. Men eg synest ofte at det hjelper veldig å få sjå det i verkelegheita på laben, seier ho.

Kven tenker du at denne utdanninga passar for?

– Eg trur energiteknologi passar for alle som er interessert i realfag! Du bør også ha vilje til å lære nye ting og arbeide sjølvstendig. Det er viktig å sette av tid til å sette seg inn i dei ulike temaa, seier ho.

Bacheloroppgåve og vegen vidare

For tida skriv Amruthaa bacheloroppgåve om «super capasitor», som er ein relativt ny type teknologi for å lagre energi.

– Med denne teknologien kan du lade bilen på nokre få minutt. I oppgåva vår ønsker vi å finne ut kva potensiale energien kan ha, forklarer ho.

Du nærmar deg slutten på studiet. Kan du fortelje litt om kva du kan arbeide med når du er ferdig?

– Som energiingeniør kan du jobbe med ulike typar energianlegg, til dømes som konsulent, rådgivar eller prosjektleiar. Det kjem litt an på kva fordjuping du vel. Eg drøymer om å ta vidareutdanning innan leiing og innovasjon og jobbe som prosjektleiar med ansvar for eit team, seier Amruthaa.

Kan dette vere eit studium for deg? Les meir om bahelor i energiteknologi.