Utdannar seg for eit liv på sjøen

Ståle Sæther (27) frå Trondheim fann kjærleiken til havet då han var i førstegangsteneste i Kystvakta. No skal havet bli arbeidsplassen hans.

Ståle studerer bachelor i nautikk med valemne integrert praksis ved campus Haugesund. Valet av studiestad blei tatt på grunnlag av tilbakemeldingar frå tidlegare studentar. Dei skrytte av studiet, campusen og lærarane.

– Det beste med å bu i Haugesund er det varierte turterrenget. Byen er verken stor eller liten, noko som gjer den til ein ypperleg studentby. Haugesund har også mykje å vise til innan kulturen, seier Ståle.

I simulatoren får vi dyrke navigatøren i oss

Kvifor valde du dette studiet?

– Mi maritime erfaring er frå Sjøforsvaret, difor var eg veldig nysgjerrig på det sivile og særleg offshore. Valemne integrert praksis er ei unik moglegheit til å utforske nysgjerrigheita, tene opp fartstid og sette teorien frå studiet ut i praksis. Eg oppfordrar dei som er nysgjerrige på eit bestemt segment, eller berre vil utforske korleis det er å vere på sjøen, til å velje integrert praksis. For mitt vedkommande lærte eg mykje, og møtte veldig kjekke sjøfolk på vegen.

Undervisningsformene på studiet har ein fin variasjon, frå vanleg klasseromsundervisning, simulatortrening til eksterne kurs utanfor campus. Ståle meiner dette er noko av det som gjer nautikkstudiet så spennannde.

Kva er det kjekkaste med å studere nautikk? 

– Definitivt simulatortreninga og dei praktiske kursa. Det er i simulatoren vi får dyrke navigatøren i oss, og får realistiske bilete av korleis arbeidsdagane kan vere på eit skip. Dei ulike kursa gir deg også verdifull kunnskap og innsikt i ulike situasjonar du kan komme opp i når du er på sjøen.

Kva opplever du som det mest krevjande ved studiet?

– For meg, og mange andre, er det nok realfaga. Det går seg jo til det også med nok øving og bistand frå medstudentar og lærarar.

Dyktige lærarar med praktisk erfaring

Ståle er heilt bestemt på at det er sjømann han skal bli. Han skal først fullføre kadettida, og etter det er alle moglegheiter opne.

På spørsmål om han vil anbefale studiet til andre, er Ståle heilt klar:

– Absolutt! Det er eit veldig godt studium, med dyktige lærarar som sjølv har erfaring frå sjøen, slik at dei evnar å sette ting i perspektiv. Om du ikkje har erfaring frå sjøen frå tidlegare, er det nok lurt å gå ein runde med seg sjølv for å tenke etter om eit liv på sjøen er noko for deg. Det er ikkje nødvendigvis slik at det passar for alle. Men dersom du skulle bli lei av å vere på sjøen, er det mange moglegheiter i dei landbaserte delane også med denne utdanninga.  

Høyres dette studiet ut som noko for deg? Les meir på studiesida.