Øyvind (23) skal bli barnehagelærar

– Eg valte barnehagelærar fordi eg alltid har likt å vere saman med barn, og er ein leiken person. Det å få lov til å vere ein del av oppfostringa og dei første leveåra til eit menneske, gir ei stor yrkesstoltheit og glede, seier Øyvind Straumsheim.

23-åringen frå Molde hadde allereie vore på folkehøgskulen i Sogndal i to år, då han tok valet om å studere vidare her.

– Eg likte meg allereie godt i bygda, og hadde berre høyrt positive ting om Høgskulen på Vestlandet. Som ein stor entusiast av klatring og ski, er Sogndal eit eldorado for meg, rett og slett ein draumestad å vere student i, fortel Straumsheim.

Falkeblikk Stedje barnehage ute trillebare.jpg

– Har lært om mine sterke og svake sider i praksis

Då han starta på barnehagelærarutdanninga, var Øyvind førebudd på eit studium med pedagogisk læring, men han innrømmer at han ikkje visste at studiet var så detaljert og grundig.

– Det er definitivt mykje meir kunnskap og kompetanse som krevst i eit barnehagelæraryrke enn eg såg for meg. Det får vi heldigvis veldig god opplæring i ved Høgskulen på Vestlandet, seier han.

Barnehagelærarstudenten har nyleg vore i praksis i Stedje barnehage, ein liten spasertur frå campus Sogndal. Han skildrar praksis som ein både kjekk og krevjande del av utdanninga.

– Det eg likar aller best, er barna eg får vere i praksis saman med og alle i personalet som eg har blitt kjent med og fått lære mykje av. Eg har lært mykje om mine sterke og svake sider. Eg har også fått ei unik moglegheitl til å kjenne på om eg har valt rett studieretning. Praksis har definitivt gjort meg betre rusta til å vere ein god barnehagelærar!

FalkeblikkAS - 20210928 HVL Stedje barnehage øyvind ute ved sklia.jpg

Unikt studiemiljø i Sogndal

I klassa til Øyvind er det til saman 11 mannlege studentar.

– Det fine med barnehagelærerstudiet er at ein møter så mange likesinna, så det er ikkje vanskeleg å finne nokon ein kjem godt overeins med. Eg har møtt nokre av mine aller beste vennar på studiet, seier han.

At 23-åringen valte å bli verande i Sogndal for å studere, har han absolutt ikkje angra på.

– Sogndal har eit unikt studentmiljø der det er veldig enkelt å bli kjend med andre studentar. Det sosiale ved studentlivet kjem eg til å hugse for resten av livet.

– Vennar for livet

Etter at Øyvind er ferdig med studiet, vil han enten gå rett ut i jobb i barnehage, eller vidareutdanne seg.

– Vil du anbefale Høgskulen på Vestlandet til andre?

Absolutt! Ved Høgskulen på Vestlandet får ein en fantastisk studietid der ein møter venner for livet, samtidig som ein får ei unik moglegheit til å utdanne seg til draumeyrket sitt.

FalkeblikkAS - 20210928 HVL Stedje barnehage D850_6040.jpg